onsdag, 28.10.2020  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Fossekomiteen

A/S Steinkjærfossen Mølle og Elektricitetsværk. Foto: Foreningen Gamle Steinkjer.

Denne komiteen hadde ikkje før kome i arbeid før kommunen fekk tilbod om kjøp av aksjemajoriteten i ”A/S Stenkjærfossens Mølle og Elektricitetsværk”, som var på private hender. Dei 290 aksjene det gjaldt vart kjøpt for 115.000 kroner, og ”Fossekomiteen” fekk fullmakt til å inngå kontrakter om bortleige av elektrisk kraft derifrå. E.-verket i den gamle mølla i Steinkjerfossen hadde levert kraft til byen frå 1909, frå ein turbin på 75 hk. Likevel var det såpass overkapasitet her at ogndalingene kunne selge overskottskraft etter kjøpet.
Ei slik levering kom da og i gang i dei næraste områda av byen.

Men samtidig med dette så har ”Fossekomiteen” hatt andre ting på gang. Skal ein tru eit oppsett i ”Inntrøndelagen” under overskrifta ”En stor Eiendomshandel”, så hadde Ogndal på det tidspunktet planer om å bygge eit kraftverk i Skillegrindfossen, for derfra ”at føre sin disponible kraft ned til Steinkjer for der at kunne anvende den i forskjelligt øiemed, bl.a. til drift av et vordende sliperi i eller ved byen”. Redaktør for avisa var den gang ogndalingen Johs. Kjesbu, og han var sikkert godt orientert.

Desse sliperiplanene hadde forresten vori inne i bildet også i 1909. Det var Steinkjer Dampsag v/disponent Ramberg som var primus motor her. Sliperiet skulle etter planene drives med kraft ”fra fossene i Øvre Ogndalen”. Planen var å bygge sliperiet på Guldbergaunet, men dette vart det aldri noko av. Men planene kom så langt at to mann frå ”Sliperikommisjonen” reiste på tur for å forhandle om kjøp av maskiner.

Starten på vannkraftutbygginga i Ogndal
To private kraftverk
Fossekomiteen
Fossene i Ogna
Fossekomiteen utvides
Støafossen – eigedomsforhold
Brev til Kongen – innleiinga
Utbygginga i Støafossen
Ulike avtaler
Byggearbeidene
Strømleveransen kom i gang
Gaulstadbygda
Leveransen til Steinkjer
Bestyrerne
Dammen sprenges
Linja til Steinkjer forsterkes
Forslag om salg
Slutten for Støa kraftverk
”Nord-Trøndelag” 8/10 1920
”Nord-Trøndelag” 30/11-1920
Brevet til Kongen