onsdag, 28.10.2020  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Støafossen – eigedomsforhold

Anmerkning: "Gaarden Grøtan tilgrænser Ogna elv paa dens søndre side helt nedover og forbi den gamle sagtomt, hvor naboeiendommen Kolaas tilstøter." Kartkopi frå Odd Erling Saksvoll.

I 1915 hadde ”A/S Steinkjerfossen Mølle og E.verk”, i realiteten kommunen, fått handgjeve den halvdelen av Støafossen som hørte Grøtan til. Den andre halvdelen tilhøyrde Støa, som kommunen eide frå før. Og i 1916 ervervet de utbyggingsrettane i Brandsegg/Fossemfossane, og i Bruemsfossen. Alt dette tyder på omfattende utbyggingsplaner.
Forklaringa på at det heile gjekk i stå er truleg den at det same hendte med industriplanene ved Steinkjer, dit det var gitt tilsagn om levering av elektrisk kraft. Markedet var borte.

Den gamle ”Fossekomiteen” vart no oppløyst, men det vart vald ein ”Elektrisitetskomitè på 3 mann utpå nyåret i 1917. Den fikk til mandat ”aa undersøke og forberede en mulig utbygging eller annen forordning til fremtidig forsyning av elektrisk energi i Ogndal kommune”.

Dermed var dei vel i grunnen tilbake ved utgangspunktet i 1912. Risberg sitt forslag den gang må forståes slik at det skulle bygges et elektrisitetsverk for å dekke bare det lokale behov, som dei sikkert ikkje meinte var så stort.

Steinkjer kommune vart tilbudt ein del av Ogndals aksjer i A/S Steinkjerfossen Mølle & E.verk”, på betingelse av at Steinkjer ervervet alle private aksjer i selskapet. Med tanke på å etablere eit felleskommunalt e.verk, der dei to kommunene skulle eige halvparten kvar.

Dette forsøket lyktes ikkje, tvert imot, Steinkjer svarte med å søke om kjøp av alle Ogndalens aksjer, og utbyggingsrettane i Skillegrind- og Havdfossen. No var det Ogndalens tur til å steile, og først sommeren 1919 kom det til einigheit, ved at Ogndal selde alle sine aksjer i selskapet, samt utbyggingsrettane i Bruemsfossen for sjølkost + 6 % p.a. i renter for den tid dei hadde vore eiere. I avtalen forplikta Steinkjer seg til å leige minimum 250, maksimum 300 kW straum frå Ogndal, levert som høgspent ved bygrensa, til kr. 125,- pr. kW/år.
Avtalen var gjort bindende i 5 år for Steinkjer, 10 år for Ogndal.

Starten på vannkraftutbygginga i Ogndal
To private kraftverk
Fossekomiteen
Fossene i Ogna
Fossekomiteen utvides
Støafossen – eigedomsforhold
Brev til Kongen – innleiinga
Utbygginga i Støafossen
Ulike avtaler
Byggearbeidene
Strømleveransen kom i gang
Gaulstadbygda
Leveransen til Steinkjer
Bestyrerne
Dammen sprenges
Linja til Steinkjer forsterkes
Forslag om salg
Slutten for Støa kraftverk
”Nord-Trøndelag” 8/10 1920
”Nord-Trøndelag” 30/11-1920
Brevet til Kongen