fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

I

Forfatter: Steinar Ressem

Første gongen vi støyter på namnet Egge - el. Egg - er i soga om Håkon den gode. Kongen som var yngste sonen til Harald Hårfagre, vart oppfostra i England. Der vart han kjent med kristendomen og tok vel sjølv den nye trua.

No er han i Trøndelag, og her blir han pressa til å delta i blotgilde, først på Lade og seinare, i jula, på Mære. Trond Haka frå Egge er til stades:


17. Om hausten ved vinternettene var det blotgilde på Lade, og kongen kom dit. Han hadde jamnan før vori van til, når han var til stades der som det var bloting, å eta i eit lite hus for seg sjølv med nokre få menn; men bøndene kjærde seg for det at han ikkje sat i høgsetet sitt når gleda var størst i laget; jarlen sa at han skulle ikkje gjera så no; og det vart såleis og at kongen sat i høgsetet sitt. Men då den fyrste skåla var skjenkt, så tala Sigurd jarl for skåla og signa ho til Odin og drakk kongen til av hornet. Kongen tok imot det og gjorde krossmerke over det. Då sa Kår frå Gryting: "Kvi fer kongen no såleis åt? Vil han ikkje blota endå?" Sigurd jarl svara: "Kongen gjer det som alle dei gjer som trur på si eiga makt og sin eigen styrke, og signar skåla til Tor; han gjorde hamarsmerket over det før han drakk." Då var det stilt om kvelden. Dagen etter, då dei gjekk til bords, styrmde bøndene omkring kongen og sa at no skulle han eta hestekjøt. Kongen ville ikkje det for alt i verda. Då bad dei han drikka sodet; men han ville ikkje. Då bad dei han eta feittet, men han ville ikkje det heller. Og då var det nære på at dei hadde teki på han. Sigurd jarl ville få dei forlikte og bad dei stilla stormen; og han bad kongen gapa over kjel-hodda, som sod-røyken av hestekjøtet hadde lagt seg på, så hodda var feittut. Då gjekk kongen til og linda ein linduk om hodda og gapte over, og dermed gjekk han til høgsetet. Men ingen av dei lika seg.

18. Om vinteren etter var det stelt til eit julegilde åt kongen innpå Mære. Men då det lei mot jul, sette dei stemne med kvarandre, dei åtte hovdingane som rådde mest for blotinga i heile Trøndelag: fire av dei var uttrønderar: Kår frå Gryting, Asbjørn frå Melhus, Torberg frå Vernes, Orm frå Ljoksa; og av inntrønderane: Blotolv frå Olveshaug,
Narve frå Stav i Verdalen, Trond Haka frå Egge og Tore Skjegg frå Husabø på Inderøy. Desse åtte mennene vart samtykte om at dei fire av uttrønderane skulle tyna kristendommen, men dei fire av inn- trønderane skulle nøyda kongen til å blota. Uttrønderane for med fire skip sør til Møre og drap der tre prestar og brende tre kyrkjer, og så for dei attende. Men då kong Håkon og Sigurd jarl kom inn til Mære med hirda si, så var bøndene komne der og var overlag mangmente. Den fyrste gjestebodsdagen gjekk bøndene inn på kongen og bad han blota, og truga han elles med hard medferd. Sigurd jarl talde til gode,

og det vart det til det at kong Håkon åt nokre bitar hestelever, og han drakk då alle dei skålene som bøndene skjenkte åt han, og gjorde ikkje krossmerke. Då det var slutt på dette gjestebodet, for kongen og jarlen straks ut til Lade; kongen var stur og laga seg straks til å fara bort frå Trøndelag med alt folket sitt, og han sa så falne ord at han skulle vera meir mangment neste gongen han kom att til Trøndelag, og han skulle løna bøndene for denne fiendskapen. Sigurd jarl bad kongen at han skulle ikkje reisa noko klagemål mot trønderane for dette, og seier at det ville ikkje bata han å truga og herja på innalands-folk der som landsens største styrke var, slik som i Trøndelag. Kongen var då så harm at det nytta ikkje å tala til han; han fór bort frå Trøndelag og sør til Møre og var der om vinteren og om våren; men då sommaren kom, samla han folk åt seg, og det ordet gjekk at han med denne hæren ville fara mot trønderane.

EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII