mandag, 18.02.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

II

Den neste kongen som kom i klammeri med inntrønderane fordi dei ville hald fast på dei gamle seremoniane og den gamle trua, var Olav Trygvason, og etter han igjen kom Olav Haraldsson opp i same situasjonen. Dei to kristne Olavane hadde ei kontant og resolutt haldning til trusspørsmål.

Olve på Egge er inntrønderane sin talsmann i møtet med den seinare helgenkongen:


107. Denne hausten fekk kong Olav høyra tidend innafrå Trondheimen om at bøndene hadde hatt folksame gjestebod ved vinternattstider, og der var det store drykkjelag. Det vart fortalt kongen at alle minneskålene der vart signa til æsene på gammalt vis. Det vart og fortalt at dei hadde drepi naut og hestar og smurt blodet på stallane og haldi bloting, og det vart sagt at det skulle vera til årbot. Dei sa og at alle folk tykte det var greitt å sjå at gudane hadde harmast for di håløygene hadde snutt seg til kristendommen. Då kongen høyrde denne tidenda, sende han bod inn i Trondheimen og stemnde til seg dei bøndene som han nemnde opp. Det var ein mann som heitte Olve på Egg, som dei kalla etter den garden han budde på; han var ein mektig og storætta mann, og han var formann for dei som for til kongen for bøndene. Då dei kom til kongen, kom han med dette klagemål imot dei. Men Olve svara for bøndene og sa at dei hadde ikkje hatt noko gjestebod denne hausten, så nær som gilde og drykkjelaga sine og eitkvart venelaget. "Men det," sa han, "som dei har fortalt Dykk om korleis orda fell for oss trønderane når vi drikk, så kan alle vituge folk vara seg for slikt snakk, men eg kan ikkje svara for toskute og fulle folk, kva dei seier." Olve var ein ordhitten og framtalande mann, og han forsvara bøndene mot desse klagemåla. Men sistpå sa kongen at inntrønderane skulle bera vitne sjølve om kva tru dei hadde. Etter dette fekk bøndene heimlov, og for straks dei var ferdige.


108. Lenger fram på vinteren vart det fortalt kongen at inntrønderane hadde ei stor samling på Mæren, og at det var store blot ved midvinters-leite, og der blota dei for fred og ein god vinter. Då kongen tykte at han hadde fått visse på dette, sende han menn og ordsending inn i Trondheimen og stemnde bøndene ut til byen, og nemnde denne gongen og opp dei mennene som han tykte var dei vitugaste. Bøndene hadde samtaler og samrådde seg om denne ordsendinga, og alle dei som hadde fari før om vinteren var mest uhuga på denne ferda. Endeleg gav Olve seg på ferda, då alle bøndene bad han. Då han kom ut til byen, fór han straks til kongen, og dei kom i samtale. Då klaga kongen bøndene, for di dei hadde hatt midvinters-blot. Olve svara og sa at bøndene var saklause i dette: "Vi hadde julelag," sa han, "og drykkjelag omkring i bygdene, og bøndene lagar ikkje så knapt til julelaga sine at det ikkje blir mykje avgang, og dette, herre, drakk dei lenge etter. På Mæren er det ein stor hovudgard og svære husebygningar og ei stor bygd omkring, og der tykkjer folk at det er mykje moro å drikka mange i hop." Kongen svara lite og var noko morsk, og han tyktest ha betre greie på dette enn det dei no hadde fortalt. Kongen bad bøndene fara attende: "Men eg får nok vita sanninga," sa han, "endå de vil dølja for det, og då får de ikkje leggja imot. Men korleis det så har vori til dessa, så må de ikkje gjera slikt tidare." Etter dette for bøndene heim og fortalde om ferda si, og at kongen var heller harm.

109. Kong Olav hadde eit stort gjestebod ved påsketider, og hadde mange byfolk og bønder i laget sitt. Etter påske let kongen skuva skipa på vatnet og bera årane og reiskapen om bord og leggja tiljene i og tjelda og rigga, og let dei flyta seglbudde ved bryggjene. Straks etter påske sende kong Olav bod inn til Verdalen.

Det var ein mann som heitte Toralde; han var årmannen til kongen og dreiv garden hans på Haug. Kongen sende bod til han at han skulle koma til han det snøggaste han kunne. Toralde drygde ikkje med denne ferda og for straks ut til byen med sendemennene. Kongen tok han for seg på tomannshand og spurde etter kor mykje sant det var i det som var fortalt han om skikkane til inntrønderane, om det var så at dei tok på med bloting. "Eg vil," sa kongen, "at du skal seia meg som det er, og det sannaste du veit; du er skyldig til det, etter di du er min mann. Toralde svarar: "Herre, det vil eg seia Dykk fyrst, at eg har ført til byen båe sønene mine og kona mi, og all den lausøyren eg kunne få med meg. Men vil du vita sanninga av meg, så skal det vera som du vil. Men seier eg det som sant er, så må du sjå til sjølv korleis det går meg." Kongen sa: "Sei du sanninga om det som eg spør deg. Eg skal sjå til korleis det går deg, så du skal ikkje nauva noko." Då sa Toralde: "Skal eg seia som det er, så må eg seia Dykk det for sant, konge, at inni Trondheimen er mest heile folket heidensk i trua, endå somme av dei er døypte der. Dei har for skikk å ha blot om hausten og helsa på vinteren, og eit anna ved midvinters-leite, og det tredje om sommaren, og då helsar dei sommaren. Dei som er med på dette, er øynene og sparbyggene og verdølene og skøynene. Det er 12 menn som står føre blotgilda; no i vår er det Olve som skal halda gilde, og no har han det mykje annsamt på Mæren, og dit har dei ført alt det som trengst til gildet." Då kongen fekk vita sanninga, let han blåsa i hop folket sitt, og let seia mennene sine at dei skulle gå om bord. Kongen nemnde ut menn til å styra skipa, og hovdingar for kvar flokk, og sa kva skip kvar flokk skulle gå om bord på. Dei vart snart reiuge, og kongen heldt inn etter fjorden med 5 skip og 300 mann. Det var god bør, og skipa gjorde god fart for vinden, og det var ingen som venta at kongen skulle koma der inn så fort. Kongen kom inn til Mæren om natta og slo straks mannring om husa. Der vart Olve fanga, og kongen og let drepa han og mange andre menn; men all gjestebods-kosten tok kongen og hadde om bord på skipa sine, og sameleis alt det godset, både hus-bunad og klede og eigneluter som dei hadde ført dit, og skifte det som hærfang mellom mennene sine. Kongen heimsøkte dei mennene og som han trudde hadde hatt den meste skulda i denne råda; somme av dei vart fanga og sette i jarn, og somme kom seg unna, og mange tok han eigedommen frå. Dermed stemnde kongen bøndene til tings; men då han hadde fanga mange av stormennene og hadde dei i si makt, så rådde frendane og venene deira seg til å lova kongen at dei skulle lystra, og det vart ikkje noko opprør imot kongen i Trondheimen denne gongen. Han omvende heile folket til den rette trua, og sette prestar der og let byggja kyrkjer og via dei. Kongen dømde Olve ugild og la under seg alt det som han åtte. Men av dei andre mennene, som han tykte var mest skyldige, let han somme drepa og somme skamfara, somme jaga han ut or landet, og tok bøter av somme. Deretter for kongen ut att til Nidaros.

EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII