IIIKalv Arneson frå den mektige Giske-ætta på Sunnmøre var kong Olavs mann. Etter at Olve er drepen, ber Kalv om å få Sigrid, kona hans. Kongen giftar bort Sigrid til Kalv, og dei to sønene hennar og Egge følgjer med. Kalv vert no kongens lendmann i Inn-Trøndelag:
110. Det var ein mann som heitte Arne Armodsson; han var gift med Tora, dotter til Torstein Galge. Borna deira heitte Kalv, Finn, Torberg, Åmunde, Kolbjørn, Arnbjørn og Arne; dei hadde ei dotter som heitte Ragnhild og var gift med Hårek frå Tjøtta. Arne var lendmann, mektig og gjæv og ein god ven til kong Olav. På den tid var sønene hans, Kalv og Finn, hjå kong Olav i stor ære. Den kona som Olve på Egg hadde hatt, var ung og ven, storætta og rik, og dei heldt ho for eit over lag godt gifte; men det var kongen som skulle gifta ho bort. Ho og Olve hadde to unge søner. Kalv Arveson bad kongen om at han ville gjeva han den kona som Olve hadde hatt, og for venskaps skuld gjorde kongen det og gav han attpå all den eigedommen som Olve hadde hatt, og no gjorde kongen han til lendmann og gav han ombodet inni Trondheimen; då vart Kalv ein stor hovding, og han var ein klok mann.
|