fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

IV

Tore syner kong Olav ringen frå kong Knut

Venskapen mellom Kalv og kong Olav vert som vi skal sjå, sett på harde prøver, bl.a. gjennom drapa på Tore og Grjotgard. Sigrid gjer av forståelege grunnar det ho kan for å få mannen til å bryte venskapen med kongen. Kalv let seg overtale, og går i danskekongen Knut den mektige si teneste. Fleire stormenn hadde da alt gjort som Kalv, og kong Olav Haraldsson hadde rømt landet for overmakta:

165. Tore, son hans Olve på Egg og stykson hans Kalv Arneson og systerson han Tore Hund, var ein ven mann og stor og sterk, og på den tid var han 18 vintrar gammal. Han hadde fått eit godt gifte på Hedmarka og stor rikdom med kona si. Han var overlag venesæl og høvde vel til å vera hovding. Han baud kongen heim til seg til gjestebod med følgjet sitt, og kongen tok imot tilbodet og for til Tore og vart godt motteken. Der var eit fint og gasta gjestebod, og alt var av beste slaget. Kongen og mennene hans rødde seg imellom om at dei tykte alt høvde godt i hop, og dei visste ikkje kva som var best, anten husrommet hans Tore eller husbunaden eller bord-bunaden eller drikket eller mannen sjølv som gjorde gjestebodet. Dag let ikkje vidare om dette. Kongen pla tala mykje med Dag og spørja han om ymse ting, og kongen røynde at det var sant alt det som Dag sa, anten det var ting som alt var hendt eller skulle henda, og difor hadde kongen god tru på det han sa. Kongen fekk Dag på tomanns-hand og tala mykje med han om mange saker. Sistpå tala kongen med Dag om kor gild mann Tore var, som gjorde så gjævt gjestebod åt dei. Dag let ikkje vidare om dette, og sa det var sant som kongen sa. Då spurde kongen Dag kva lyte han såg på Tore. Dag meinte at Tore nok hadde eit godt huglynde, om han var slik som folk tykte han såg ut til å vera. Kongen bad han om å svara på det som han spurde om, og sa at det var han skyldig til. "Då lyt du la meg råda for straffa, konge," sa Dag, "om eg skal nemma lytet hans." Kongen sa at han ville ikkje skyta sin dom under andre, og bad Dag svara på det som han spurde om. "Dyrt er drottens ord," svara Dag. "Eg finn det lytet på Tore, som kan benda så mange andre, at han er for kjær etter skillingen." "Er han tjuv eller røvar?" spurde kongen. "Nei, det er han ikkje," svara Dag. "Kva er han då?" sa kongen. Dag svara: "Han har vorti kongs-svikar til å vinna pengar; han har teki pengar av Knut den mektige for å drepa deg." "Korleis vil du prova det?" spurde kongen. Dag sa: "På den høgre armen ovafor olbogen har han ein diger gullring som kong Knut har gjevi han, og som han ikkje vil la nokon sjå." Dermed enda samtala mellom kongen og Dag, og kongen var ovende harm. Då kongen sat til bords og dei hadde drukki ei stund og folk var lystige, og Tore gjekk omkring og såg gjestene sine til godes, kalla kongen Tore til seg. Han gjekk fram til bordet og la hendene på bordet. "Kor gammal er du, Tore?" spurde kongen. "Eg er 18 år," sa han. "Du er stor og ein gild mann til å vera så ung," sa kongen. Då tok kongen om den høgre armen hans og strauk opp etter olbogen. "Ta varleg der," sa Tore, eg har ein svull på armen." Kongen heldt handa si still, og kjende då at det var hardt under. "Har du ikkje høyrt det at eg er lækjar," sa kongen; "lat meg sjå svullen." Tore såg at det kunne ikkje nytta å løyna ringen, og tok ringen og la han fram. Kongen spurde om det var ei gåve frå kong Knut. Tore sa at han kunne ikkje dølja for det. Då let kongen dei ta Tore og setja han i jarn. Då gjekk Kalv bort og bad om fred for Tore og baud pengar for han, og mange andre studde han og baud pengane sine fram. Kongen var så harm at det var uråd å tala til han, og sa at Tore skulle få den dommen som han hadde etla kongen, og så lét kongen drepa Tore. Men folk vart fælt harme for den gjerninga, både der på Opplanda og likså mykje nord i Trondheimen der som Tore hadde det meste av ætta si. Kalv tok det fælt tungt at denne mannen vart drepen, fordi Tore hadde vori fosterson hans i opp-voksteren.

166. Grjotgard, son hans Olve og bror hans Tore, var den eldste av brørne. Han var og ein gjæv mann og hadde ein heil flokk om seg; han var og på Hedmarka den gongen. Då han høyrde at Tore var drepen, gjorde han overfall der som kongens menn eller gods var, og innimellom heldt han seg i skogar eller andre gøymsler. Då kongen høyrde tidend om denne ufreden, let han speia ut kvar Grjotgard heldt til, og då fekk kongen vita at Grjotgard natta ikkje langt frå der som kongen var. Kong Olav for då straks om natta og kom fram då det dagast. Dei slo mannring om stova som Grjotgard og mennene hans var inne i. Grjotgard og følgjet hans vakna ved mann-ståket og våpen-braket og sprang straks til våpna sine, og Grjotgard sprang ut i forstova og spurde kven som styrde denne hæren. Dei fortalde han at kong Olav var komen. Grjotgard spurde om kongen kunne høyra orda hans. Kongen stod framfor døra og sa at Grjotgard kunne seia kva han ville, og at han kunne høyra orda hans, sa kongen. "Eg bed ikkje om fred," sa Grjotgard, og i det same sprang han ut og hadde skjolden over hovudet sitt og dregi sverd i handa. Det var ikkje retteleg ljost, så han såg ikkje skilleg. Han stakk med sverdet etter kongen, men han råka Arnbjørn Arneson, og styngen kom under brynja og gjekk opp i buken, og Arnbjørn fekk banen sin av dette. Grjotgard og dei fleste av mannskapet hans vart og drepne på flekken. Etter desse hendingane snudde kongen og drog sør til Vika att.

[...]

183. Kalv Arneson fór nord til Trondheim med Håkon jarl, og jarlen baud han heim til seg, og at han skulle gå i tenesta hans. Kalv sa at han ville fara inn til garden sin på Egg fyrst, og så leggja råd, og Kalv så gjorde. Da han kom heim, merka han snart at Sigrid, kona hans, var noko storfelt, og ho rekna opp all den sorga som ho sa kong Olav hadde gjort henne; fyrst at han let drepa mannen hennar, Olve, "og no sidan," sa ho, "båe sønene mine. Og du, Kalv, var med då dei vart drepne, og det hadde eg minst venta av deg." Kalv sa at det var mykje mot hans vilje at dei tok livet av Tore; "eg baud pengar for han," sa han; "men då Grjotgard vart drepen, miste eg bror min, Arnbjørn." "Det var godt," sa ho, "at du har fått kjenna slikt av kongen; for no kan det henda at du vil hemna han, om du ikkje vil hemna mi sorg. Du såg då Tore, fosterson din, vart drepen, kor mykje kongen vørde deg då." Såleis tala ho tidt om sorgene sine med Kalv. Kalv svara tidt vondt, men sistpå vart det til det, at det drog etter med han, det ho tala for han, og han lova at han skulle gå i tenesta til jarlen, så framt jarlen ville leggja på veitslene hans. Sigrid sende bod til jarlen om korleis det no hadde seg med Kalv, og straks jarlen høyrde dette, sende han bod til Kalv at han skulle koma ut til byen til jarlen. Kalv sette ikkje denne ferda i gløymeboka og for straks etter ut til Nidaros, og der fann han Håkon jarl og vart godt motteken, og han og jarlen talast ved; dei vart forlikte i alle måtar, og det vart avgjort at Kalv gjekk i tenesta til jarlen og fekk store veitsler av han. Sidan for Kalv heim til garden sin, og då hadde han meste styringa over heile indre Trondheimen. Straks våren kom, budde Kalv eit skip som han åtte, og straks han var seglbudd, siglde han ut til havs og styrde vest til England, for han hadde høyrt at kong Knut hadde siglt tidleg på våren frå Danmark og vest til England. Då hadde kong Knut gjevi Harald, son hans Torkjel Høge, jarledømme i Danmark. Kalv Arneson for til kong Knut straks han kom til England. Dette nemner Bjarne Gullbråskald. Då Kalv kom til Knut, tok kongen overlag godt imot han og hadde ei samtale med han. Då no desse talast ved, bad kong Knut Kalv at han skulle binda seg til å gå imot Olav Digre, om han søkte attende til landet. "Då skal eg," sa kongen, "gjeva deg jarledømme og la deg råda for Noreg, men frenden min, Håkon, skal koma til meg, og det høver best for han, for han er så ærleg at eg trur ikkje han vil skyta eit spjutskaft mot kong Olav, om dei råkast. Kalv lydde på det som kongen sa, og fekk hug på jarlsnamnet, og dette vart ei fast avtale mellom kong Knut og Kalv. Kalv laga seg heimatt, og då dei skildest, gav kong Knut han drustelege gåver. Dette nemner Bjarne skald. No for Kalv attende til Noreg og kom heim til garden sin.

EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII