fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

V

Da han rømde landet, søkte Olav Haraldsson tilflukt hos slekt i Gardariket (Novgorod) i Russland. Etter eit par år der bestemte han seg for å gjere ein freistnad på å gjenerobre Noreg. Leia vart lagt gjennom Sverige og ned Verdalen.

Da det dreg seg i hop til slag på Stiklestad, er Kalv Arneson ein av dei sjølvsagde leiarane i bondehæren:


219. Dei lendmennene som var komne i hop der, hadde eit møte til samtale og avgjorde korleis dei skulle fylka, og kven som skulle vera hovding for hæren. Då sa Kalv Arneson at Hårek frå Tjøtta høvde best til å vera hovding for denne hæren, av di han var komen av ætta hans Harald Hårfagre og kongen var styggeleg harm på han, for di han hadde drepi Grankjel, og han kunne venta den hardaste medferda om Olav kom til riket sitt att; Hårek var attåt mykje røynd i slag og ein ærekjær mann. Hårek svara at dei mennene høvde betre til dette, som var i beste alders-blomen sin; "men eg er no," sa han, "gammal og skrøpeleg og lite før til å slåst; det er frendskap og mellom meg og kong Olav, og endå han ikkje mæter det vidare, så samar det ikkje meg å gå lenger fram i denne ufreden mot han enn nokon av dei andre i flokken vår. Du, Tore, høver godt til å vera hovding i slaget med kong Olav. Du har og skilleg grunn til det. Du har både frendetap å hemna på han, og at han jaga deg som fredlaus mann frå alle eigedommane dine. Du har lova kong Knut og frendane dine og å hemna Asbjørn. Eller tenkjer du at du nokor tid får betre åføre enn no til å hemna deg på Olav for all denne svivørdinga?" Tore svara på tala hans: "Eg trøyster ikkje reisa merket mot kong Olav eller vera hovding for denne hæren. Trønderane har det største mannskapet her; eg kjenner storlætet deira og veit at dei vil ikkje lyda meg eller nokon annan håløygsk mann. Men det trengst ikkje å minna meg om den uretten eg har å hemna på Olav; eg minnest det manndrapet at kong Olav har teki livet av fire menn, alle gjæve både i ære og ætt, brorson min Asbjørn, systersønene mine Tore og Grjotgard og far deira, Olve, og eg er skyldig til å hemna kvar av desse. No vil eg seia så mykje, at eg har valt ut elleve av dei snarpaste drengene mine, og eg tenkjer vi ikkje skal overlata det til andre å skifta hogg med kong Olav, kan vi så sant sleppa til."

220. Då tok Kalv Arneson til orde: "Det er reint naudturveleg med det tiltaket vi no har gjort, at det ikkje blir opp i tøv no då hæren er samla. Det vil anna til, skal vi halda slag med kong Olav, enn at kvar smetter seg unna faren. For det kan vi vera visse på, at om kong Olav ikkje har mykje folk imot den hæren som vi har, så er føraren traust, og heile hæren hans vil vera pålitande til å slåst og følgja han. Men er no vi noko hugfalne, som helst skulle vera førarar for hæren vår, og vil vi ikkje kveikja og eggja opp hæren og sjølve gå føre, så blir det ikke lenge mod i bringa på storhopen, og så vil kvar berga seg så godt han kan. Endå det er komen i hop ein stor hær no, vil vi snart få kjenna, om vi møter kong Olav og hæren hans, at vi er visse på å tapa, så framt ikkje vi som rår, er hugheile og heile hopen stormar fram samheldige alle som ein. Kan vi ikkje gjera det, er det betre for oss ikkje å våga noko slag, og då er det greitt at det ikke er anna råd enn å våga på å beda kong Olav om nåde, endå vi tykte han var hard då vi var mindre skyldige enn han no vil synast vi er. Elles veit eg at det finst slike menn i hans hær at eg kunne få liv og fred der, om eg ville beda. Men vil de no som eg, så skal du Tore, verbror min, og du, Hårek, gå under det merket som vi skal reisa opp alle i hop og følgja. Lat oss så alle vera snarpe og. hugheile i det tiltaket vi har gjort, og føra bondehæren såleis fram at dei ikkje merkar nokon tvihug på oss. Det vil setja mod i allmugen, når vi går glade til å fylka og eggja opp hæren." Då Kalv hadde enda tala si, retta alle seg etter orda hans og sa at dei ville alt skulle vera slik som Kalv såg bata dei mest. Alle ville no at Kalv skulle vera hovding for hæren og setja kvar i den flokken som han ville.

[...]

223. Då bonde-fylkingane var oppstelte, tala lendmennene til hærmennene og bad dei leggja merke til sitt stelle, kvar dei stod, og kva merke kvar av dei skulle vera under, og kor nær han var sett merket og kva lei frå merket han var. Dei bad dei vera kjappe og snare til å gå i fylking når lurane gjekk og dei bles til slag, og då skulle dei gå fram i fylkinga; for det var endå eit langt stykke att å føra hæren, og det var venteleg at fylkingane kunne brytast medan hæren gjekk. Deretter eggja dei folket, og Kalv sa at dei alle som hadde harmingar og fiendskap å hemna på kong Olav, skulle gå fram under dei merka som skulle fara mot merket hans Olav, og minnast alt det vonde han hadde gjort dei, og sa at dei aldri kunne få betre åføre til å hemna harmingane sine og frelsa seg frå det hardstyret og den trældommen som han hadde lagt på dei. "Den er ein sæling," sa han, "som ikkje no slåst som djervast; for dei er ikkje saklause, dei som er imot dykk, og dei vil ikkje spara dykk, kan dei koma seg til." Denne tala roste dei høgt, og det vart eit stort skrik og oppegging over heile hæren.

[…]

225. Då no båe hærane stod, og folk kunne kjenna kvarandre, sa kongen: "Kvi er du der, Kalv; for vi skildest vener sør på Møre. Det samar ille for deg å slåst med oss og skyta drepande skot i vår hær; for her er fire av brørne dine." Kalv svara: "Mangt går no annleis, konge, enn det sømde seg best; du skildest såleis frå oss at vi nøyddest til å halda fred med dei som etter var. No lyt kvar vera der som han står, men endå skulle vi forlikast, om eg fekk råda." Då svara Finn: "Det er eit merke hjå Kalv, at når han talar godt, er han meint på å gjera vondt." Kongen sa: "Det kan henda, Kalv, at du no vil forlikast; men eg synest ikkje at de bøndene fer så fredleg åt." Då svara Torgeir frå Kviststad: "No skal De ha slik fred som mange har hatt av Dykk før, og det skal De no bøta for." Kongen svara: "Du treng ikkje stunda så mykje på å møta oss; det er ikkje så laga at du skal vinna på oss i dag; for eg har lyft deg til makt frå ein. liten mann."

EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII