fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

VI

Kongen er fallen, slaget er over, og Kalv er på leit etter slektningar som har vori med i kongshæren:

231. Kalv Arneson leita etter brørne sine som var falne der, og han fann Torberg og Finn. Dei seier at Finn kasta eitt stutt sverd etter han og ville drepa han, og skjemde på han med harde ord og kalla han ein trulaus skarv og kongssvikar. Kalv brydde seg ikkje om dette og let Finn bera bort frå valen, og sameleis Torberg. Dei såg etter såra deira, men dei hadde ingen livsfarlege sår. Dei var falne for di dei var overdengde med våpen og trøytte. Då tok Kalv og førde brørne sine ned til skipet og var sjølv med dei. Men straks han for av, for heile bondeflokken og bort som åtte heime der omkring, så nær som dei som stelte med frendane og venene sine som var såra, eller med lika til dei falne. Dei førde dei som var såra, heim på garden, så kvart hus var fullt av dei, og dei sette opp tjeld ute over somme av dei. Men så forunderleg mykje folk som var samla i bondehæren, likså forunderleg tykte folk det var at samlinga løyste seg så fort opp då dei fyrst tok til med det; dette kom mykje av di at mesteparten hadde samla seg frå bygdene der omkring og var ovleg heimhuga.

242. Finn Arneson var berre ei lita stund på Egg hjå Kalv, bror sin, for han var harm for di Kalv hadde vori med i slaget mot kong Olav, og Finn gav jamleg Kalv harde last-ord for dette. Torberg Arneson var ikkje brått så ordkvass som Finn, men Torberg lengta bort likevel og heim til garden sin. Kalv gav brørne sine eit godt langskip med full reie og anna som til høyrde, og godt følgje, og dei for heim til gardane sine. Arne Arneson låg lenge av såra sine, men vart frisk og meinlaus att, og om vinteren for han sør til garden sin. Alle brørne fekk seg liv og fred av kong Svein og slo seg til ro heime.


EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII