fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

VII

Etter slaget på Stiklestad vart det danske styresmenn i Noreg. Knut den mektige oppheldt seg mest i England, som han og hadde erobra. Hit til landet sende han den 10-årig sonen Svein og mor hans, Alfiva, til å stå for styringa. Hardstyre og uår følgde no i fleire år, ifølgje Snorre.

Kalv Arneson - tilliks med fleire stormenn - byrjar å angre at dei gjekk mot kong Olav:


247. Kong Svein Knutsson rådde for Noreg nokre år, og var eit barn både i alder og i tanke. Alfiva, mor hans, rådde mest i landet, og landsens menn var fælt hatige på ho, både den gong og alltid sidan. Danske menn hadde reint overtaket i Noreg, og landsens folk lika dette ille. Når det vart tala om slikt, skulda dei andre landsens menn trønderane for at dei hadde gjort mest til å få drepi kong Olav den heilage og teki landet frå han, og til å leggja Noregs menn under dette illstyret, så trengsel og trældom kom over heile folket, både høg og låg, og heile allmugen. Dei sa at trønderane var skyldige til a gjera oppreist og kasta av dei dette herredømmet. Det var og ei allmenn tru mellom landsfolket at trønderane hadde meste styrken i Noreg på den tida, både for hovdingane sine og den folkemengda som der var. Då trønderane fekk vita at landsmennene deira klaga på dei, så tilstod dei at dette var sant, og at det var eit stort dåreverk av dei at dei hadde teki liv og land frå kong Olav, og at dei fekk stor vantakk for den ulykka dei hadde gjort. Hovdingane hadde stemnelag og rådleggingar med kvarandre, og Einar Tambarskjelve var formannen for dette. Sameleis var det med Kalv Arneson og, at no merka han kva for ei snare han var komen i, for di kong Knut hadde lokka han. Det som Knut hadde lova han, gjekk han attpå alt i hop; for kong Knut hadde lova Kalv jarledømme og styringa over heile Noreg, og Kalv hadde vori formann då dei slost med kong Olav og røva liv og rike frå han, og endå hadde Kalv ikkje større heiders-namn enn før, og han tykte han var dugeleg narra: Det gjekk ordsendingar mellom brørne Kalv og Finn og Torberg og Arne, og no vart det brorskap att mellom dei.

248. Då Svein hadde vori tre vintrar i Noreg, kom det tidend til Noreg om at det laga seg til ein flokk vestafor havet, og hovdingen for denne heitte Tryggve og kalla seg for son til Olav Tryggvason og dronning Gyda frå England. Då kong Svein spurde at ein utalands-hær var ventande til landet, baud han ut ein hær nordafrå landet, og dei fleste lendmennene frå Trondheimen for med han. Einar Tambarskjelve sette seg til heime og ville ikkje fara med kong Svein. Og då ordsendinga frå kong Svein kom til Kalv inn-på Egg, at han skulle ro leidang med kongen, tok Kalv eit tjuetofta skip som han åtte, og gjekk om bord med drengene sine og laga seg til det snøggaste han var god til, og så heldt han ut etter fjorden og bia ikkje på kong Svein, og så siglde han sør til Møre og stana ikkje før han kom sør til Giske, til Torberg, bror sin. Sidan sette alle brørne, Arnesønene, stemnelag med kvarandre og samråddest, og så for Kalv nord att. Då han kom til Frekøysund, låg kong Svein der i sundet med hæren sin. Då Kalv kom roande sønnafrå inn i sundet, ropa dei til kvarandre, og kongsmennene bad Kalv leggja til og følgja kongen og verja landet hans. Kalv svara: "Det har eg gjort nok av og vel så det kan henda, å slåst med våre eigne landsmenn til å gjeva knytlingane makt." Dermed rodde Kalv og mennene hans sin veg nordetter, radt til han kom heim på Egg. Ingen av Arnesønene var med i denne leidangsferda med kongen. Kong Svein siglde sør i landet med hæren sin; men då han ikkje høyrde noko til at hæren hans Tryggve var komen vestafrå; siglde han sør til Rogaland og alt sør til Agder; for folk gissa på at Tryggve fyrst ville søkja aust til Vika, for der hadde forfedrane hans vori og fått mest hjelp, og der hadde han stor stønad av skyldfolk.

[...]

250. Einar Tambarskjelve og Kalv Arneson hadde møte med kvarandre og gjekk på råd denne vinteren og møttest i Nidaros. Då kom det ein sendemann frå kong Knut, til Kalv Arneson og hadde ei ordsending til han frå kong Knut, at Kalv skulle senda han tre tylfter øksar av beste slaget. Kalv svara: "Ingen øksar sender eg kong Knut; sei han det at eg skal gjeva Svein, son hans, øksar så han ikkje skal synast det skortar på dei."

251. Tidleg om våren gav Einar Tambarskjelve og Kalv Arneson seg på vegen med eit stort følgje av dei beste mennene som fanst i Trondheimen. Dei for om våren aust over Kjølen til Jemtland og så til Helsingland, og kom fram i Svitjod, og der rådde dei seg til skip. Om sommaren for dei aust til Gardarike og kom om hausten til Aldeigjuborg. Derifrå sende dei sendemenn opp til Holmgard til kong Jarislav med det ærendet at dei baud Magnus, son til kong Olav den heilage, at dei skulle ta imot han og følgja han til Noreg og gjeva han hjelp så han kunne få att farsarven sin, og stø han så han kunne bli konge over landet. Då denne ordsendinga kom til kong Jarislav, samrådde han seg med dronninga og dei andre hovdingane sine; og dei vart samstelte om at dei skulle senda bod til nordmennene og beda dei koma dit til kong Jarislav og Magnus, og dei fekk grid til denne ferda. Då dei kom til Holmgard, vart det avgjort imellom dei at dei nordmennene som der var, gjekk Magnus til handa og vart mennene hans, og Kalv og dei andre som hadde vori mot kong Olav på Stiklestad, gjorde eiden sin på dette. Magnus gav dei trygd og fullt forlik, og gjorde eiden sin på at han skulle vera dei alle trygg og tru når han fekk rike og kongedømme i Noreg; han skulle bli fosterson hans Kalv Arneson, men Kalv skulle vera skyldig til å gjera alt det som Magnus trudde kunne gjera hans makt større og friare enn før.



EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII