fredag, 20.09.2019  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
 
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige    

VIII

Da kong Magnus Olavson (den gode) veks til, vert han naturleg nok meir interessert i lagnaden til far sin. Kalv Arneson får problem:

13. Kalv Arneson rådde mest for landsstyringa hjå kong Magnus i fyrstninga ei stund. Men då var det nokre som minte kongen om kvar Kalv hadde vori på Stiklestad, og då vart det vandare for Kalv å gjera kongen til lags. Det hende ein gong då det var mykje folk hjå kongen, som kjærde sakene sine, at det kom til han ein mann som før er nemnd, Torgeir frå Sula i Verdalen. Han i hadde ei sak som det var om å gjera å få fram, men kongen gav ikkje gaum etter kva han sa, og lydde på dei som stod nærare. Da sa Toreir høgt til kongen, så alle dei som var nær, høyrde det:

Mæl du med meg,
Magnus konung;
eg i følgje
med far din var.
Derfrå med hogg
i hausen gjekk eg,

då dei over daude
drotnen steig.
Men du elskar
dei arge folk,
som drotnen sveik
og djevelen gledde.

Då vart det ståk mellom folket, og nokre bad Torgeir gå ut, men kongen kalla han til seg, og avgjorde saka hans så at Torgeir var vel nøgd, og kongen lova han venskap.

14. Straks etter var kong Magnus i gjestebod på Haug i Verdalen. Når kongen sat til bords, sat Kalv Arneson på den eine sida av han, og Einar Tarbarskjelve på den andre. Då var det alt vorti til det at kongen var stuss imot Kalv og vørde Einar mest. Kongen sa til Einar: "Vi skal ri til Stiklestad i dag; eg vil sjå merka etter det som har hendt." Einar svara: "Eg kan ikkje seia deg noko om det; men lat fosterfar din, Kalv, fara; han kan nok seia tidend om det som der hende." Då dei hadde teki bort bordet, laga kongen seg til ferda og sa til Kalv: "Du skal fara med meg til Stiklestad." Kalv svarar at han er ikkje skyldig til det. Da stod kongen opp og sa heller vondt: "Fara skal du, Kalv," og


Kong Magnus og Kalv Arneson på Stiklestad

dermed gjekk kongen ut. Kalv kledde seg snøgt og sa til sveinen sin: "Du skal ri inn til Egg og beda drengene mine ha alt tyet mitt om bord føre solefall." Kongen rei til Stiklestad, og Kalv var med han, og dei steig av hestane og gjekk dit som slaget hadde vori. Då sa kongen til Kalv: "Kvar er den staden kongen fall?" Kalv rette fram spjutskaftet og svara: "Her låg han fallen," sa han. Då sa kongen: "Kvar var du då, Kalv?" "Her som eg no står," sa Kalv. Då vart kongen blodende raud og sa: "Då kunne nok øksa di nå han." "Mi øks nådde han ikkje," svara Kalv og gjekk bort til hesten sin og sprang opp og rei sin veg med alle mennene sine, men kongen rei attende til Haug. Kalv kom om kvelden inn til Egg, og då låg skipet hans seglbutt ved bryggja, og all lausøyren var komen om bord, og det var manna med drengene hans. Dei heldt ut etter fjorden straks om natta, og sidan for Kalv natt og dag, når han hadde vind. Han siglde vest over havet og gav seg lenge til der og herja på Skottland og Irland og Sudrøyane. Dette nemner Bjarne Gullbråskald i Kalvs-flokken.


Dette er siste gongen garden og hovdingsetet Egge er nemnt hos Snorre.

EGGE HOS SNORRE STURLASON
I
II
III
IV
V
VI
VII
VIII