mandag, 19.04.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Mellomalderen

Forfattar: Bodil Østerås

Nidarosdomen i Trondheim med alle kongefigurane på vestfronten er laga av kleberstein. Foto: Harald Duklæt

I mellomalderen (1000 – 1536) trong ein stein til bygging av store religiøse bygg, slik som kyrkjer og kloster. Dette er ein kristen byggetradisjon frå kontinentet som ikkje egnar seg så godt til det Norske klima, men den europeiske steinhoggartradisjonen nådde også oss. Kleberstein vart i hovudsak nytta kring vindauge og portalar i desse bygga, men Nidarosdomen i Trondheim er eit døme på at heile katedralar er laga av kleberstein. I tillegg vart det nytta kleber til forming av statuar og ander utskjeringar. Dei første gryande byane var under etablering her i landet i mellomalderen, og inn til desse vart det frakta både klebersteinsgryter og baksteheller. Vevlodd, spinnehjul og fiskesøkke var sjølvsagt stadig i bruk. I byane er det og tydelege spor etter at kleberen er nytta som lyskjelder. Med tran og veike i små skåler av kleber med skaft vart dette til lamper som ga lys i dei mørke bygardane.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder