Emne i bergveggenForfattar: Bodil ØsteråsDet runde gryteemne blir kila laus frå bergveggen. Foto: Bodil Østerås 2000Å hogge ut emne i bergveggen.
I Slipsteinsberget ser det ut til at så godt som alle grytene har hatt bolleform og er slått med botn ut. Ved hjelp av eit grovare reiskap, slik som pigghakke, har ein hogge ut storleik og form på gryta. Kanskje har ein og pussa den til litt med meisel medan den enno sto i bergveggen. Når den runde botn og yttersida var klar skulle heile emne kilast laus frå bergveggen ved munningsranden. For å kome til med kilane frå sida trengte ein god plass rundt sjølve emne. På den måten vart 2/3 av klebermengda som måtte til for å lage ei gryte til skrot som hamna rundt om i steinbrotet. Ein kunne kile frå ei eller fleire sider av emne samstundes. Ved å slå inn kiler eller berre banke med ein flatmeisel inne ved rota av emne, sende slaga ut bølgjer i steinen og emne spalta seg og slapp berget.
|