mandag, 19.04.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Etterarbeid

Forfattar: Bodil Østerås

Råemne av eit skaftkar funne i ei myr like ved Slipsteinsberget. Emnet er gitt til Egge Museum av Ada Solberg. Foto: Harald Duklæt

Etterarbeidet.
Når gryteemne var laus frå bergveggen starta utholingsprosessen, og dette arbeidet var meir risikabelt enn uttaket av sjølve emne. Med hammar og meisel vart stein fjerna til ein fekk ei djup og fin gryte. Dette arbeidet var nærmast ein kunst som kravde enorm presisjon og teknikk. Det er funne heile bollesett med gryter der gryteveggane er under ½ cm tjukke. Nokre kunne få skaft, andre små øyre til jernhank eller eit belte med ornamentikk ved munningsranda. I kor stor grad dei vart pussa og slipt kunne og variere. Slipinga ser ut til å vere gjort ved hjelp av skinn eller lær og sand. I Slipsteinsberget er det funne øydelagde gryter som har vore heilt blankpussa både utanpå og inni. Her har noko gått gale heilt i sluten av arbeidsprosessen. Gryta har gått i to eller fleire bitar og måtte kastast. Det er og gjennomført arkeologiske undersøkingar i ei hustuft som var lagt i ein av skrottippane like ved berget. Dette ser ut til å ha vore ei arbeidshytte i samband med steinhoggarverksemda. Huset har gått ut av bruk om lag midt på 1400-talet. Dette seier oss at grytene som vart produsert i Slipsteinsberget er gjort heilt ferdige i sjølve steinbrotet og at verksemda tok slutt like før år 1500.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder