DøypefontarForfattar: Bodil ØsteråsDen gamle døypefonten i Skei kyrkje er laga av kleberstein frå Slipsteinsberget. Foto: Harald DuklætDet er to runde uttak i Slipsteinsberget som er av mykje større dimensjon enn dei andre. Dette er store, sirkulære avtrykk som er over ein meter i diameter. Dette kan vere døypefontar, og det viser seg at to kyrkjer, Skei og Henning har gamle døypefontar av kleber. Kyrkjene har Slipsteinsberget som nærmaste klebersteinsførekomst. Dei to døypekara er heilt like i storleik og form, og må vere laga av same person. Dei består av ein rund kumme som er litt over 50 cm i diameter. Den er av hard, gul kleber og heilt utan ornamentikk. Dei står på eit kompakt fotstykke og er om lag 45 cm høge. Basert på storleik, form og manglande dekor er dei datert til tida mellom 1250 og 1275.
|