fredag, 14.12.2018  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
    Neste   

Innleiing

Forfattar: Svein Vestrum.    Bilderedaktør: Harald Duklæt

Sannan er ei naturleg sandslette som går frå Figgaelva til bygrensa sør for Steinkjer. Bygningane i framgrunnen høyrer til militærleiren. Foto: Utlånt av Foreningen Gamle Steinkjer.

Jarle Skjei og Olav Skevik har begge skrivi om Sannan i tida fram til 1900 på kunnskapsportalen, så hovudvekta her blir på tida etter 1900. For oversiktens skyld er det likevel med litt om Sannan frå den første militære aktiviteten vi kjenner til der, fram til 1900.

I perioden 1900 – 1940 blir leirområdet større, og mange av dei bygningane som særprega leiren blir reiste. Også i den neste perioden, i åra 1940 – 1945, da tyskarane rådde grunnen på Sannan, endrar leiren karakter gjennom at mange bygg kjem opp.

Dei femti åra etter krigen, 1945 – 1995, blir innleidd med ein periode da overgangen frå krig til fred gjorde at ”alt var annleis”. At leiren var full av tyske soldatar og offiserar som skulle sendast ut av landet var det eine som var spesielt. Det andre ”unormale” var at sivilsamfunnet (les: kommunen) fekk bruka bygningar i leiren etter 1945.

Også perioden med tysklandsbrigadar (1946 – 1952) minner om at ein enda ikkje var heilt ferdige med følgjene av krigen. Da nyskapningen Heimevernet kom på plass på Sannan, var også det ei følgje av erfaringar gjorde under krigen, men no handla det om å sjå framover, og satsa på å vera betre budde når eventuelle nye trugsmål dukka opp.

Arbeidet med å få eit tidsmessig skytefelt dreier seg om det same: å vera godt budd. Det kom nye og meir langtrekkande våpen, og desse måtte øvast med. At trening og øving hadde fått ein sentral plass i forsvarsplanlegginga, ser ein også av vedtaket frå 1952 om eigne øvingsavdelingar i forsvaret. Infanteriets øvingsavdeling nr 3 vart lagt til Steinkjersannan.

Sjølv om den normale kvardagen var tilbake på Sannan frå 1953, var det ikkje snakk om stillstand. Det kom endringar i reglar og rammevilkår som gjorde soldatlivet annleis enn før, livet i forsvaret endra seg i takt med resten av samfunnet.

I ein militærleir er det ikkje berre soldatar og befal som har viktige roller. Utan dei sivilt tilsette ville aktiviteten på Sannan fort gått i stå. Denne gruppa høyrer sjølvsagt også med i ei slik framstilling.

Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise