onsdag, 03.03.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
    Neste   

Seterfjellet

Forfatter: Ola Holien (Kart og bilderedigering Harald Duklæt)

Innsjøen Holden ved Follafoss. Utsikt mot Furulia og Tørrisheimen. Tørrisheia i bakgrunnen. Foto Einar H. Bartnes, utlånt av Beitstaden Historielag.

Seterdrifta her må i si tid ha vore svært omfattande og gitt eit verdifullt fôrtilskot til heimejorda på bruket. Etterkvart som dyrkajorda auka og avlingane vart større har det minka med drift i fjellet og melkeproduksjon i fjellet vart det slutt med omkring 1960.

Går du ein tur i fjellet i området Follavatnet – Sandvatna – rundt Holden og fram over fjellet mot Malm kan du framleis finne dei gamle setervollane. På mange av setertømta står det framleis hus i bra stand, og på andre er det rester av dei gamle seterhusa. Det er frå gardar i Beitstad og Malm det har vore seterdrift her, og enkelte gardar i Egge veit vi og har seterrett her.
I tillegg til beiting vart det og drevi fjellslått her. Stadnamn som Bartnesenget – Granhustjern – Brekkslette m. v. viser dette. Meir om dette i ”Det Gamle Beitstaden” side 678 og utover.

Seterfjellet
Rundtur i fjellet
Setrer rundt Holden
Gjetar på Fagerlia
Arbeidsdagen
Fagerlia
Å flytte til fjells
Vandringa ut gjennom fjellgardane
Tida i fjellet
Ny seter ved Stuvågen
Bygget reier seg