ForordForfattar: Olav SkevikFramsida på 50-årsskriftet som vart utgjeve i 1982. Tekstane og ein del av illustrasjonane er henta herfrå.Mange elevar og lærarar har gjennom 50 år vore innom den skolen som i dag heiter Steinkjer vidaregåande skole. Først heitte skolen Steinkjer landsgymnas, så vart det Steinkjer offentlege landsgymnas, Steinkjer gymnas og til sist det namnet skolen har i dag.
Årsskriftet er eit dugnadsarbeid av lærarar og tidlegare elevar. Redaksjonen (Olav Skevik, Aksel Rolf Arnesen og Torbjørn Garberg) har møtt velvilje hos alle vi har spurd om hjelp på ein eller annan måte. Her vil vi takke dei alle for arbeidet dei har gjort, enten dei har skrivi artiklar, skaffa bilde eller svara på spørsmål. Utan medarbeidarane hadde det ikkje blitt ei slik bok som vi har fått til. Spesielt vil vi takke Olav Myhr for portrett-teikningar. Dei andre teikningane er det Aksel Rolf Andersen som har laga. Bjørn Kinderås har hatt mye arbeid med billedstoffet.
|