Grensepass og gassgeneratorForfatter: Reidar RostadArtikkelen er utgitt av Beitstaden Historielag.
Det ble knapphet på mat og forbruksvarer under krigen. Det fortelles det om i denne teksten fra Beitstad:
Det måtte vera Johan Vada og faren min som planla denne turen. Det var hausten 1941 med rasjonering og forbud mot privat bil- kjøring, og dessutan måtte ein ha grensebuarpass for å koma til Lierne. Men dette let seg ordna. Hos lensmannen fekk vi utskrevi grensepass. Eg hadde riktig nok problem med passbilde, men eit foto der eg stod saman med elghunden til Einar Svarte, vart godtatt.
Som ein av dei første i distriktet hadde Sivart Holstad fått montert gassgenerator på ein lastebil. Han ordna også ein kasse som overbygg for passasjerar. Så dette var fin skyss for dei 8 håpefulle moltplukkarane som drog i veg, godt utstyrt med moltblyer, kvarter, åttingar og noko attåt til mat, for ikkje å glømme telt, som skulle huse oss oppå Lifjellet.
|