søndag, 28.11.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
    Neste   

Kleberstein

Forfattar: Bodil Østerås

Kleberstein er så mjuk at den kan skjærast i med kniv. Foto: Harald Duklæt

Kleberstein er ein bergart som er veldig vanleg i Noreg. Den har oppstått i område der berggrunnen har vore utsett for sterk omdanning (sjå menypunkt ”Geologi”). Bergarten er så mjuk at den kan skjærast i med kniv, og den opptrer i ulike fargespel frå neste svart via gråblå mot grøn. Ordet kleberstein kjem av ’kleberg’ der den første stavinga klè tyder vevlodd. Kleberstein har da og vorte nytta til å stramme opp oppstadveven i tidlegare tider. Ser ein på ordet ’gryte’ har dette ordet utvikla seg frå det gamalnorske ordet grjot som rett og slett tyder stein. Frå grjot og gryte er ikkje vegen lang til ordet graut, og det er ikkje usannsynleg at dei første grytene det vart kokt graut i var laga av stein, og da truleg kleberstein. Andre dialektnamn på kleberstein er grytestein, blautgrjot, kileberg, teljstein, fettstein og vekstein. Alle fortel om steinen sine eigenskapar eller bruksområde.

Kleberstein
Bruken av kleber: Steinalder
Bronsealder
Jernalder
Mellomalderen
Slipsteinsberget
Namnet Slipsteinsberget
Kvifor lage gryter av kleberstein?
Gryter og datering
Emne i bergveggen
Etterarbeid
Døypefontar
Bygningsstein
Kjelder