InnleiingForfattar: Reidar RostadI dei dramatiske dagane i april og mai 1940 hendte så mye. Etter at tyske troppestyrkar 9. april hadde invadert 7 norske hamnebyar, var vi i krig og venta på hjelp frå allierte styrkar. Alle som opplevde dei dramatiske dagane, fekk minner som spikra seg fast i sinnet, noen som soldater ved Narvik, eller i Følling og Stod, der IR 13 og DR 3 hadde forlegningar. Andre opplevde desse dagane som sivile hjelpesmenn i millitære oppdrag, eller i privat arbeid mellom allierte soldatar. Andre var nære tilskuarar til krigshendingane, eller evakuerte på flukt frå krigssona.
I Beitstad kom det ikkje til større krigshandlingar, men for dei som opplevde det på nært hold, var det dramatisk nok. Dette er ikkje ei kronologisk gjennomgang av hendingane, men ei beretning om korleis folk i grenda opplevde det som skjedde.
|