fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Før 1900

Forfattar: Svein Vestrum

Steinkjergarden vart kjøpt av kommunen i 1860. På tomta stod den første kyrkja i Steinkjer ferdig i 1865. Areala sør for byen vart militær øvingsplass.

Frå 1628 skulle Norge ha sin eigen hær att, og da måtte det militær trening til. Kjeldene fortel at det var fire øvingar på Sannan i 1683, men det er nok sannsynleg at det vart drivi med militær trening også utan at vi finn dette att i kjelder i dag. Frå 1705 skulle det vera to militærøvingar i året, og i alle fall nokre av desse vart nok haldne på Sannan. Det er belegg i kjelder for at det var øvingar på Steinkjer i 1726, 1734 og 1738.

I 1860 kjøpte kommunen Steinkjergarden, og dermed fekk dei lokale styresmaktene kontrollen over det militære øvingsområdet. I 1877 vart så Sannan etablert som fast øvingsplass for infanteriregimentet.

Likevel var ikkje plassen meir fast etablert enn at spørsmålet om å flytta øvingsområdet kom opp vel 20 år seinare, i året 1900. Frå forsvaret si side vart Strand i Stod og Kvam i Egge trekt fram som gode alternativ til Sannan. Da greip Stenkjær Handelsforening inn i avgjerdsprosessen. Ein komité på fem forretningsfolk vart utpeika, og deira innspel vart truleg avgjerande for at forsvaret vart verande på Sannan. Kanskje var det brevet dei fem stila til Stortinget som gjorde utslaget. Der vart det blant anna lova at forsvaret no skulle få meir areal å røra seg på, og at leiren dermed kunne få eit skytefelt med lengre distanse (1500 m – mot 1000 m før).

Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise