1940 – 1945 Hestestallar og treplattarForfattar: Svein Vestrum1941. Tyskarane gjennomførte ei rask utbygging av militærleiren på Sannan. Foto: Aage Langhammer, utlånt av Foreningen Gamle Steinkjer.Også i åra under okkupasjonen vart det bygd mykje på Sannan. Tyskarane fekk sett opp mange hus på området, kanskje rundt tretti i alt. Blant anna kom bygningane i Kroghbakken-delen av leiren opp i krigsåra.
Det som elles er litt interessant når det gjeld krigsåra, er tyskarane si store satsing på transport og kommunikasjonar,og da transport av eit anna slag enn det vi har i dag. Alle hestestallane som vart bygde på Sannan, omkring 25 i talet, og med plass til eit par hundre hestar i kvar, fortel litt om dette.
Dei mange treplattane som vart samanspikra på Sannan har også med satsing på kommunikasjonar å gjera, men noko heilt anna enn hestekyss. Pallane vart transporterte til Ørlandet, der dei skulle brukast til å skapa eit meir stabilt fundament for den flyplassen tyskarane bygde der.
|