fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Tysklandsbrigadane

Forfattar: Svein Vestrum

Tysklandsbrigaden om bord i troppetransportskipet "KNM Svalbard". 1000 mann i smale køyer med halmmadrass, fire i høgda. Redningsvest vart brukt døgnet rundt p.g.a. minefaren. Foto: Utlånt av Steinar Bruun.

Det at ein krig nett var slutt gjorde at livet vart annleis enn før også på det militære området, og på Steinkjersannan kom nye oppgåver i fokus. Tysklandsbrigadar er eit stikkord som seier noko om dette. Sannan vart ein av dei leirane der det skulle opplærast soldatar til ein okkupasjonsperiode i Tyskland. I alt fekk ni bataljonar (om lag 8000 mann til saman), folk som kom frå heile Midt-Norge og frå Nord-Norge, opplæring på Sannan i perioden 1946 – 1952.

Det å gjera mannskapa godt førebudde til oppgåvene dei skulle ha i Tyskland var krevjande. Dei som hadde ansvaret for opplæringa følte nok dei starta på nokså berr bakke. Ikkje visste dei særleg om kva soldatane ville møta i Tyskland, ikkje fanst det noko ”pensum” for okkupasjonssoldatar, og dessutan var nok mangelen på våpen og anna utstyr eit problem.

Anlegga for trening var heller ikkje slik ein kunne ønskja seg. Illustrerande i så måte er det at det i 1948 vart drivi skarpskyting med luftvernskyts på stranda vest for jernbanestasjonen, mot mål på flåter ute på sjøen.

Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise