fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Skytefelt - frå Henningvola til Giskås

Forfattar: Svein Vestrum

Giskås skytefelt i Ogndal. Foto utlånt av Rinnleirets Venner.

Regimentet ønskte seg eit meir permanent skytefelt, og eit ønskje om å få ekspropriert Henningvola vart sendt til distriktskommandoen. At dette området var ønskt som skytefelt var eigentleg ikkje noko nytt. Etter kvart som det hadde komi nye våpen og nytt utstyr elles hadde behovet auka for å ha tilgang til eit stort areal. Dette var ein føresetnad dersom dei militære øvingane skulle bli realistiske og bra.

Å bruka Henningvola hadde dermed lenge vori eit aktuelt alternativ. I regimentshistoria si frå 1928 skriv W.T. Sommerfeldt at ”fektningsskytningen under regimentsamlingene har siden 1911 foregått på Henningvola i Henning”.

Ekspropriasjon vart det likevel ikkje noko av; bruken av området vart formalisert gjennom leigekontraktar med grunneigarane.

Det viste seg etter kvart (som ein fekk tyngre våpen med større rekkevidd) at Henningvola likevel ikkje var eit ideelt område som skytefelt. Arealet var for lite, og dessutan var nedslagsfelta svært myrlendte, og dermed vart det mange blindgjengarar. Området var likevel i bruk som skytefelt til 1953.

Etter den tid har fleire andre område vori brukte under langdistanseskyting: Vaterholmen-området i Verdal, Heimdalshaugen i Harran, Almlia i Namdalseid, Leksdalen i Stjørdal , og Hjerkinn på Dovrefjell. Etter kvart vart Giskås i Ogndal det området ein satsa på. Utbygginga der starta i 1977, og det året vart det også for første gong drivi skytetrening der. Først i 1995 var feltet ferdig utbygd.

Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise