fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Øvingsavdeling - IØ III

Forfattar: Svein Vestrum

Fana til regimentet. Nedst til venstre står dei stadene der regimentet har delteki i strid: Frösöen 1644, 1657, Jämtland 1677, Stralsund-Neutief 1715, Dynekilen 1716, Trangen 1808, Ofotbanen 1940. Faksimile frå Nord-Trøndelag Infanteriregiment nr. 13.

I 1952 vart det gjort vedtak i Stortinget om at eigne øvingsavdelingar skulle utdanna soldatane i hæren. Allereie året etter, i 1953, kom så Infanteriets øvingsavdeling nr 3, IØ III, i gang på Steinkjersannan.

Etableringa av øvingsavdeling gjorde det enda tydelegare at Steinkjer var eit viktig tyngdepunkt i landforsvaret vårt. Om ein snur litt på perspektivet, kan ein også seia at nyordninga gjorde byen enda meir militær-grøn.

Dette siste vart nok lett å sjå ved det første innrykket i mars, 1953. Vel 900 soldatar møtte, og saman med 150 offiserar sette dei uniformskledde sjølvsagt eit tydeleg preg på småbyen Steinkjer.

Ein kan vel nesten seia at militærleiren i seg sjølv hadde vorti ein liten by i byen. Det vart fullt på Sannan, og soldatane vart innkvarterte på 8 – 10 manns rom. Mange av dei måtte også bu i brakker som nok bar preg av at dei var raskt oppsette under krigen. Dette galdt spesielt brakkene på Kroghbakken.

Det var nok litt likeins da øvingsavdelinga starta opp som da tysklandsbrigadane inntok Sannan. Dei som hadde ansvaret for å ta i mot soldatane og gje dei ei utdanning med kvalitet, hadde fått ei vanskeleg oppgåve, der spørsmåla var mange og svara få. Mykje var mangelfullt, både av husvære og utstyr, men dei fleste innsåg nok også at det berre måtte ta tid å få alt på plass.

Og på plass kom det meste, etter kvart.

Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise