Nye bygg forandrar leirenForfattar: Svein VestrumSteinkjersannan leir 1953. Flyum, Minsås: Infanteriets øvingsavdeling nr. 3, 1953 - 1993, 1993.Det hadde vorti ein naturleg pause i bygginga etter krigen, men på 1950-talet vart det reist fleire hus att. Ein del bygg og anlegg kom fordi motoriserte kjørety no for alvor var ein viktig del av landforsvaret. Mekaniske verkstadar vart utvida og meir innretta mot bilar, og fleire garasjeanlegg kom også .
Også i tiåra som følgde vart det sett opp nybygg når det melde seg behov, ja faktisk var det byggjeaktivitet på Sannan nesten heilt fram til leiren vart nedlagt i 1995. Det siste nybygget var depotet, som vart teki i bruk i 1991. Det gamle brann ned i 1989.
Av viktige nybygg kan det nemnast at ei ny sjukestue stod ferdig i 1961. For dei som hadde ansvaret for sjuketenesta vart det nok opplevd som eit stort framsteg da dei kunne flytta ut av brakke 77 og inn i dette nybygget. Sjukestua vart bygd på den tomta der bustadblokka ”Obersten” står i dag.
I 1966 fekk leiren sitt eige postkontor, med adresse ”Steinkjersandan”. I 1986, da postnummer skulle vera med, vart adressa endra til ”7714 Steinkjersandan”.
Leiren fekk også sitt eige kapell. Det skjedde i 1978, da det gamle ”Stabburet”/telthuset (bygd i 1839) vart innvigd og skulle fungera som gudshus. I denne samanhengen er det også naturleg å nemna at IØ III hadde hatt eigen feltprest sidan 1967. Før den tid hadde garnisonspresten i Trondheim hatt ansvaret for prestetenesta.
 |
 |
 |
 |
|