Leiren blir nedlagtForfattar: Svein VestrumVåren 2004: Steinkjersannan til sals "Deler eller hele bygg for riving eller flytting". Foto: Morten SteneFor dei som hadde militærleiren som arbeidsplass rundt 1990, er det kanskje tvilsamt om kjensla av å ha ein trygg arbeidsplass var like sterk. Etter at Berlin-muren vart rivi i 1989, som eit synleg bevis på at den kalde krigen var slutt, kom det framlegg om store endringar i forsvaret. Dette kunne bety omlegging av organisasjonen, og kanskje nedlegging av leirar. Framtidsutsiktene vart dermed sjølvsagt usikre for dei tilsette.
Etter ein periode da mange gjorde ein innsats for å bevara ein leir dei meinte var viktig og solid, både militært og samfunnsmessig, kom likevel det endelege vedtaket om nedlegging. Slutt-datoen for Steinkjersannan som militærleir vart set til 1. august 1995. I grunngjevinga for nedlegging vart det nemnt at øvingsforholda var for dårlege, og moglegheitene for utviding av leiren små.
I tida etter 1995, etter at militærleiren var nedlagt, har det skjedd mykje. Sannan er i dag ein eigen bydel med mange husvære. Butikk har det vorti der, og det er også både hotell og restaurant på det gamle leirområdet.
Men det er ei anna historie.
 |
 |
 |
 |
|