-episode 1Forfattar: Frode LindgjerdetKaserne OGNA. Foto utlånt av Rinnleirets Venner.Vi låg på dei gamle trekasernene Ogna og Figga som låg heilt nordvest i leiren, parallelt med E6. Ein tidleg morgon i 4-tida vart vi vekt av eit salig rabalder. Ingen skjønte riktig med same kva som var på ferde. Somme trudde det var brannalarm, og stilte ut på oppstillingsplassen i hjelm og undertøy. Men det var ingen brannalarm. Vi vart ropt inn med ein høglydt kjeftbruk, og på veg gjennom gangen såg vi kva som hadde vekt oss - eit maskingevær med lausskott. Ein kan vel spørje kva ein med dagens HMS-regime ville sagt om å nytte slikt utstyr innandørs i eit gammalt brennbart trehus!
Men moroa var ikkje over med det. Vi vart kommandert til å stille ut i full krigsmundur. Eg venta at seansen skulle bli kortvarig så eg droppa å ha på meg sokkar for å spare tid. Det var ikkje særlig lurt. Vi var send rundt i et søvnig Steinkjer på joggetur. Så vidt eg hugsar gjekk ferda over Guldbergaunet og vidare mot Byafossen før oss vende attende til leiren. Og sokkelaus som eg var, blei det mange vassblemme. Så vart vi jaga inn i dei gamle garasjane som IR 13 hadde på nedsida av E6. Her skulle vi springe rundt og svare spørsmål samstundes som det ljoma black metall frå ein «gettoblaster» og Wagner-opera frå ein annan. Då det heile var ferdig, starta dagens teneste som ikkje noko hadde skjedd.
|