fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
 
 
 
 
 
 
 
Skoler
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

-episode 2

Forfattar: Frode Lindgjerdet

Soldatar på Sannan. Foto utlånt av Rinnleirets Venner.

Ein annan episode av same sort var arrangert for oss nokre dagar seinare. Klokka var rundt sju på ettermiddagen da vi fekk vete at det var filmframsyning i kinosalen. «Ein offiser og ein gentlemann» surra og gjekk i ti minutt da befalet kom til syne føre lerretet. «Ut på tur, aldri sur», kviskra dei før stemmevolumet auka drastisk og dei ropa «still ut i full GRU (grunnutrustning, dvs. våpen, hjelm, kryssreimer, vernemaske og stridssekk)». Vi sprang som om vi hadde styggen sjølv i hælane, og nokon av oss ville vel seie at det var akkurat det vi hadde.

Vi stilte ut og vart mønstra. For kvar ting som mangla, måtte vi springe inn igjen.

-Vindvanter? Ikkje? Spring inn og hent! Inn i skapet for å leite mens nokon stod bak og kjefta. Og så ut igjen.

–Gassmaske? Ikkje det heller? Inn igjen.

Slik haldt det fram ei stund. Utrente soldatar gløymer mykje når dei vert stressa!

Da alle omsider var klare til strid, gjekk turen ut i hinderløypa som låg i øvingsfeltet i Tranamarka. Etter ein springmarsj bar det gjennom det 15 meter lange røyret som gjekk under vegen. Det var berre så vidt plass til ein mann med full utrustning og det var ganske god vassføring igjennom. Vi måtte krype hovud mot sko, og om nokon lengre fremme fekk panikk og stoppa opp, vart det raskt fylt opp med vatten bak dei.

Men vi kom oss igjennom, og deretter venta det klatrehinder. På eit eller anna vis fall hjelmen min av, trefte bakken før eg kom etter og landa oppå med hovudet fyrst. Eg må ha vore borte ein augeblikk, for det neste eg hugsar var at fenriken stod over meg og var lettare panisk. Øvinga var slutt for min del og det venta ein natt på sjukestova samt eit par sting i panna. Resten av troppen var send opp på Oftenåsen for ei natt under oppe himmel. Arret etter samanstøyten med hjelmen er der fortsett som eit livslangt minne om den kvelden på Sannan.


Innleiing
Før 1900
1900 Lille-Trana blir kjøpt opp
1900 – 1940 Utbygging av leiren
1940 – 1945 Hestestallar og treplattar
Trengsel på Sannan hausten 1945
Krigsforbrytarar og ”tyskartøser”?
Sivil bruk av leiren etter krigen
Tysklandsbrigadane
Skytefelt - frå Henningvola til Giskås
Heimevernet – enda ein nyskapning i forsvaret
Øvingsavdeling - IØ III
Nye bygg forandrar leiren
Ein annleis kvardag for soldatane
Ein stor og viktig arbeidsplass også for sivilt tilsette
Leiren blir nedlagt
Kjelder
UTFYLLENDE LESNING
Innrykk
-legeunderøkelse
-utstyr og innkvartering
Den siste Tysklands-brigaden 1952/53
Steinkjerminner 1953/54, fra en som kom tilbake
-forlegningen
-33-generasjonen
-klær, sko, våpen
-den militære dagen
-leirsignal
-velferden
-leirliv og byliv
IØ III – små hendelser og betraktninger fra 1960-tallet og framover
-innrykk
-pinlig hending
-Blåmann
-forbedringer
-navnekonkurranse
Glimt fra et soldatliv
-del 1
-del 2
Sannan-historier
Soldatminne frå Sannan 6/1993
-episode 1
-episode 2
"Steinkjersainnan" - vise