fredag, 30.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Bakgrunn og start

Forfattar: Olav Skevik

Gamlegymnaset i Volda. «Volda private millomskule og gymnasium» vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Foto: Harald Duklæt.

Omkring 1930 var det to typar gymnas i Noreg, det 5-årige gymnaset og det 4-årige landsgymnaset. Begge typane førebudde elevane til universitetsstudium, og var såleis likestilte.

Det 5-årige gymnaset førte tradisjonane vidare frå dei gamle katedralskulane, medan landsgymnasa her ein heilt annan bakgrunn.

Første gongen tanken om landsgymnas var lagt fram, var i 1906 i eit foredrag Nikolaus Gjelsvik heldt i Studentmållaget i Oslo. Noregs Ungdomslag førte tankane vidare i 1910. Bakgrunnen er nokså klår. Dei fleste gymnasa låg i byane, og det var relativt få elevar frå bygdene som gjekk der. Av økonomiske grunnar var det viktig å få kortare tid fram til eksamen artium.

Truleg låg det også ideologiske motiv bak. Gymnasa i byane sto ofte nokså framande for den nasjonale og sosiale rørsla der Noregs Ungdomslag og mållaga spela ei viktig rolle.
I det heile var det viktig at bygdefolk og bygdekultur vart likestilt med byfolk og bykultur. Landsgymnasa måtte bli eit viktig middel i dette arbeidet. Gjennom skolar som var tilpassa ungdom frå bygdene, skulle dei få sjanse til å nå fram til den høgaste utdanninga – og dermed dei fremste stillingane i samfunnet.

Loven om 4-årige landsgymnas vart vedtatt alt i 1914. Like etterpå, i 1916, kunne det første landsgymnaset (på Voss) ta imot elevar.

Voss Landsgymnas, Studentar 1927. Foto: Privat eige.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri