mandag, 18.10.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Førebuinga i Nord-Trøndelag

Forfattar: Olav Skevik

Adolf Ribsskog. Foto frå skolens arkiv.

Ungdom frå Nord-Trøndelag måtte ut av fylket for å ta examen artium før 1932.

Alt i 1919 sette Inntrøndelag Ungdomssamlag og Naumdøla ungdomslag ned ei nemnd som skulle arbeide for å få til eit offentleg landsgymnas. Men det endelige initiativet gjekk ut frå ordføraren i Steinkjer, Adolf Ribsskog. Han kalla saman til eit møte 18. mai 1932. Her møtte 18 av dei som på førehand hadde lova tilskott til eit gymnas. I alt var det teikne tilskott på ca. 5 000,- kroner i tre år og noe mindre for det fjerde.

Dette møtet valde ei nemnd til å stå for det vidare arbeidet.

Nemnda besto av Ribsskog (formann), Henny Five, Johs. Eggen og Ivar Gustad. Knut Eik-Nes vart vald i tillegg på eit møte 30. mai.

Gymnasnemnda til ungdomslaga støtta initiativet i Steinkjer, og formannen i denne nemnda var med på eit møte i arbeidsnemnda for gymnaset 25. mai.

Arbeidsnemnda under Ribsskog måtte arbeide fort. Alt 19. mai vedtok ho å lyse ut at Steinkjer private landsgymnas skulle starte hausten 1932. På same møtet vedtok nemnda å lyse ut styrarstillinga. Framtidige elevar måtte melde seg innan 30. juni, søknadsfristen for styrarstillinga var 15. juni. På møtet 25. mai vart det vedteke å lyse ut to lærarstillingar, ein filolog eller realist. 30. mai nemnda å trykke 500 eksemplar av eit opprop som skulle sendast til «interesserte i distriktet».

Planen var at skolen skulle starte med ein førsteklasse og ein andreklasse, og han skulle ha både real- og latinlinje. Dei som hadde mellomskole, kom direkte inn i andreklassen. Til førsteklassen vart det tatt opp elevar etter opptakingsprøve, men dei måtte være minst 15¾ år gamle.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri