tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Steinkjer private landsgymnas kjem i gang

Forfattar: Olav Skevik

Frå venstre Johan Kvarving, Julius Stamnes og Jorleif Johnsen, dei tre første lærarane på Steinkjer private landsgymnas. Foto frå skolens arkiv.

Det melde seg 45 elevar og skolen starta etter planane. Etter opptaksprøva var ikkje lærarane «heilt nøgd med dei skriftlege oppgåvone åt alle . . . . , men etter den munnlege prøva fann ein likevel at ein kunne ta dei op».

Dei første lærarane vart tilsette i styremøte 9. juli. Som filologar vart Johan Kvarving og Julius Stamnes tilsette og som realist, Jorleif Johnsen. Kvarving vart konstituert som rektor for første året. 26. september 1933 vart han tilsett som fast styrar. Kvarving var fødd i 1904 og var cand. philol. I og like etter studietida hadde han hatt mindre vikariat. Stamnes var fødd i 1887. Han hadde vore lærar i folkeskolen og ved Sund folkehøgskole. Frå 1924 hadde han vore styrar ved Stor-Elvdal fylkesskole. Johnsen var fødd i 1903 og var cand. mag. Han hadde arbeidd en del i folkeskolen.

Opningsfesten var 2. september 1932. Festen vart halden i kommunelokalet på Snippen, og det var omkring 200 menneske som var samla. Festen hadde både musikk, bevertning, song og i alt sju talar. Bl.a. tala formannen i styret, Ribsskog og den nye gymnasstyraren, Kvarving. Eik-Nes heldt festtalen. Ribsskog fortalte at når landsgymnasmodellen var vald, så var det av omsyn til bygdene. Byen, som hadde mellomskole, trong berre eit 3-årig gymnas i tillegg. Fleire av talarane understreka kor viktig det var at distriktet hadde fått denne skolen. Og det var viktig at lærarar og elevar gjorde godt arbeid og skapte ein god skole. Gymnaset ville stå eller falle med det arbeidet som vart gjort innan skolen.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri