torsdag, 02.12.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Skolelokala

Forfattar: Olav Skevik

I kommunelokalet på Snippen hadde skolen klasserom i perioden 1932 - 1935. Lærarrommet var i stua til Kristian Kristiansen i nabohuset. Foto utlånt av Foreningen Gamle Steinkjer.

Dei første klasseroma i 1932 var bystyresalen på Snippen og biblioteket ved sida av han. Det første var for stort, det andre for lite. Spesialrom måtte leigast på folke- og realskolen, det gjaldt for naturfaga, gymnastikk og teikning. Det betydde at elevane måtte gå mellom Snippen og folkeskolen. Blant lærarane var det først og fremst Johnsen som måtte gå imellom i og med at han underviste i naturfag og teikning.

Skolen måtte også ha lærarrom, men det var ikkje noko rom i kommunelokalet som passa til det. Styret fekk difor lov til å bruke stua i nabohuset til lærarrom. I det huset budde grønlandsfararen Kristian Kristiansen. Ut til kjøkkenet var det berre eit forheng, så lærarane kom i god kontakt med familien. Bl.a. kokte kona kaffe til dei og Kristiansen fortalde for eksempel om Nansen, Dietrichson og dei andre frå Grønlandsturen i 1888. Huset til Kristiansen står enno i den gata på Snippen som er oppkalla etter han.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri