mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Økonomien – inntekter

Forfattar: Olav Skevik

Elevane måtte betale 35,- kroner i skolepengar kvar månad. Illustrasjon frå skolens arkiv.

Inntektene var meir varierte og usikre. Dei viktigaste postane var heile tida skolepengar og tilskott, både private og offentlege. Elevane måtte betale 35 kroner i skolepengar for kvar månad. Men det var heile tida mange som fekk heile eller halve friplassar. Det kan ein vel undre seg over når økonomien etter kvart vart så dårleg. Men det viser vel at skolen forstod at også mange andre kunne ha økonomiske problem. Nokså tidleg fekk elles skolen ekstra midlar til friplassar og stipend. For eksempel vart Grindbergs legat oppretta alt i september 1932. Staten gav også midlar som skolen disponerte til stipend til trengande elevar.

Tilskottet første året var utan unntak private tilskott, men dei kom opp i vel 5 000 kroner. Det var privatpersonar og bedrifter som betalte. Tendensen utover i 30-åra var at dei offentlege tilskotta spelar større og større rolle. Alt frå skoleåret 1933/34 fekk skolen både kommunalt (3 000 kroner) og statleg (1 000 kroner) tilskott. Fylket gav tilskott frå 1935. I skoleåret 1938/39 var tilskotta totalt på vel 23 500 kroner, berre småsummar av dette var privat.

Ved at det offentlege bevilga større og større summar til skolen, tok det vel indirekte på seg meir og meir av ansvaret for at skolen kunne haldast i gang. Det var såleis ingen brå overgang da staten overtok skolen i 1947.

Trass i små overskott var kanskje dei to – tre første åra vanskelegast. Skolen vart tryggare etablert etter kvart.

I bevilgningane i 30-åra låg det også at stat, fylke og kommune såg at det var behov for skolen. Og for dei som arbeidde i skolen, kunne det vel verke som ei godkjenning av arbeidet dei gjorde.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri