tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Lærarar og undervisning

Forfattar: Olav Skevik

Første russekull og lærarar 1935. Foto Behrends, utlånt av Foreningen Gamle Steinkjer.

Lærarane starta arbeidet ved skolen før det kom elevar. Første møtet i lærarrådet var 11. august 1932. Dei tre lærarane vedtok da kva bøker dei skulle bruke første året. «Bøkene vart valt millom deim som vert nytta ved andre landsgymnas, ein tok særleg omsyn til at dei var å få på båe mål».

Ingen av lærarane hadde latin, engelsk, fransk eller teikning som fag, så lærarrådet bad styret om å tilsetje ein timelærar. Styret gjekk ikkje med på det, så Stamnes tok latin, styraren engelsk og fransk og Johnsen teikning. Året etter kom ein lektor (Ragnar Houg) som hadde studert alle tre framandspråka.

Før dei tok til i Steinkjer, hadde ikkje dei første lærarane skikkelig erfaring frå gymnasundervisning. Enten var dei nokså nyutdanna eller dei hadde arbeidd i andre skoleslag før. Dette måtte krevje mye arbeid av dei. Dessutan visste både lærarane og elevane at dei siste måtte opp til eksamen i alle fag som privatistar.

Første kullet skulle opp til eksamen i 1935. Det vart oppfatta nærmast som ein eksamen både for elevar og lærarar, for heile skolen. Resultatet var bra, svært bra, så skolen kunne arbeide vidare på det grunnlaget som var lagt.


Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri