mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Arbeidsmengda

Forfattar: Olav Skevik

Lærarane måtte rette mye og elevane hadde 4 - 5 timar leksetid om kveldane. Teikning Aksel Arnesen.

Korleis arbeidde lærarane i 30-åra? Det er eit hovudinntrykk både frå protokollar og samtalar med eldre lærarar og elevar at elevane måtte skrive mye og lærarane rette mye. Vi kan ta med noen eksempel. I matematikk kunne dei ha «skriftleg heime kvar vike og på skulen annakvar vike». (2. kl. 1937/38). I latin måtte elevane bl.a. arbeide med «skriftleg kvar vike heime og på skulen frå norsk til latin . . .» (2. kl. 1936/37). Same klassen skreiv det året ca. 25 attforteljingar i tysk.

I norske kunne talet på hovudstilar vere på 12 – 15 og så diktat/attforteljing på sidemål i tillegg. Elevane kunne skrive om emne som: «England under dronning Elisabeth». «Fortell om ein ting du har laga, og um korleis du laga han». «Kva tykkjer du er det mest interessante av dei spursmåla avisone dryftar no um dagen?» (Alt frå 1937/38).

Førsteklassingane kunne få utfordringar som: «Den hyggeligaste dagen i sumarferien. Elektrisiteten og den nytta og gleda vi har av han. Fortel um dei hjelperådene dyra har til å verje seg med». (Alt frå 1937/38). Men elevane kunne få spesielle oppgåver i munnlege fag. Våren 1938 kan lektor Øfsti skrive bl.a. dette frå ein 2. klasse: «Nokre av elevane (4 st.) har haldi foredrag på engelsk om heimstaden sin og alle har gjevi att i foredragsform innhaldet av stykke frå engelske blad eller bøker». Også andre kan fortelje om «Elevforedrag i måndagstimane». (Norsk 2. kl. 1937/38). Denne satsinga på munnleg aktivitet var likevel ikkje typisk for skolen i 30-åra.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri