tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Elevane

Forfattar: Olav Skevik

Utsnitt frå sida med «Heimeadresse» og «Bustad i byen» for elevane i ein tilfeldig klasse i 1948. For heile klassen budde 36,4 % av elevane heime. Foto frå skolens arkiv.

Eit privat landsgymnas kunne få elevar frå eit stort distrikt. Dei første åra kom likevel dei fleste elevane frå byen og dei nærmaste bygdene omkring. I dei fem åra frå 1935 til 1940 kom omlag 75 % av dei uteksaminerte elevane frå distriktet, dvs. frå og med Verdal i sør til og med Snåsa og Namdalseid i nord. Dei andre var stort sett frå Sør-Innherad eller frå Namdalen, nokre få hadde reist enda lenger.

Under krigen kjem det litt andre tendensar inn. For det første er det no litt færre avgangselevar, relativt sett, frå dei nærmaste bygdene eller sjølve Steinkjer. For femårsperioden 1941 – 45 er talet ca. 66 %.

Den andre tendensen er at fleire av avgangselevene no er frå Nord-Noreg, særlig frå Nordland. Det ser ut til at nordlendingar så smått tok til å søke til Steinkjer frå midten av 30-åra, og at talet auka under krigen. Nordlendingane skulle kome til å setje eit visst preg på skolen og miljøet omkring skolen heilt ut i 1960-åra.

Den viktigaste årsaka til dette er truleg at Steinkjer var nærmaste landsgymnaset for dei som budde nord for Trøndelag. Landsdelen hadde i det heile svært få gymnastilbod. Dessutan vart Steinkjer tidleg kjent som eit godt gymnas, og skolen annonserte ein del i aviser i Nord-Noreg etter 1935.

Mange elevar budde på hybel i Steinkjer eller straks utanfor byen. I fjerdeklassen i 1937/38 budde litt over halvparten borte, men i førsteklassen same året gjaldt det nesten 65 %.
Det er opplagt at hybellivet, kanskje langt heimafrå, måtte forme elevane kanskje like mye som skolen. No måtte dei ta vare på seg sjølv og ordne med mat og klede, til ein viss grad i alle fall.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri