onsdag, 23.06.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Hybelbuarane og steinkjerbyggene

Forfattar: Olav Skevik

I dagboka for ein klasse ser ein at det ikkje er heil fritt for merknader. Med svak skrift til høgre står namnet på seks elevar og kommentaren «sittet urolig!».

På same måten som hybelbuarane kunne misunne dei som budde heime, misunnte steinkjerbyggene dei som hadde «fritt liv» på hyblane. Hybelbuarane var populære i byen, og det hendte nok dei fekk besøk på små hybelfestar, særlig kunne det skje hos dei som fekk matpakker heimafrå.

Tilreisande elevar kunne også få viktig inspirasjon frå kulturlivet i ei tid da grammofon og radio ikkje var vanleg alle stader. Ein elev fortel f. eks. at han ein gong fekk høyre ein seriøs kvartett hos kunstmålaren Carl Lønseth. Det var ei heilt ny oppleving som gav impulsar for heile livet.

Alle lærarane er i dag einige om at elevane i denne tida var eineståande, flinke, arbeidssame og ordentlige. Protokollane viser likevel ein god del nedsette karakterar i orden, trott og åtferd. Det er vel normalt etter som elevtalet voks, men det hendte nok da også at elevar skulka skulen for å være heime og lese.

Kanskje har det også vore små disiplinproblem heilt på slutten av 30-åra, for 11. mars 1940 hadde lærarrådet møte «for å diskutere orden og disiplin».

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri