tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)

Forfattar: Olav Skevik

Lærarrommet ved gymnaset med Carl Lønseths maleri av Jonas Fasmer-Dahl. Illustrasjon frå jubileumsheftet.

Frå hausten 1940 til våren 1942 gjekk skolen utan at endringane i samfunnet utafor fekk verke altfor mye. Styret gjorde sitt arbeid som før og vart ikkje avsett før hausten -42. Siste styremøte der heile styret skreiv under styreprotokollen var 12. juni 1942.

På seinhausten i 1940 var lærarane ved skolen blant dei som sende inn moterklæringa der det heitte «at jeg vil være tro mot mitt lærerkall og min samvittighet». Det var ein aksjon frå lærarorganisasjonane mot departementet som prøvde å nazifisere undervisninga.

På nyåret i 1941 reiste lektor Jonas Fasmer-Dahl frå skolen. Han hadde kome til skolen i 1938, men meinte vel no å kunne gjere betre nytte for seg andre stader. Han hadde fått permisjon og tok seg over til Sverige. Men han ville til England og reiste frå Gøteborg med ein av dei såkalla «Kvarstadbåtane» sist i mars i 1942. Som kjent var ikkje desse heldige. Fasmer-Dahl var ein av dei som vart fanga og sendt i tysk konsentrasjonsleir. Han døydde i Sonnenberg kort før frigjøringa.

I juni 1941 fekk lektorlaget sentralt såkalla kommisarisk leiing. Medlemmene ved gymnaset melde seg da ut av laget. Dette skulle bli eit forvarsel om alvorlegare ting i organisasjonslivet.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri