mandag, 18.10.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Falstad

Forfattar: Olav Skevik

Fangekortet til Johan Kvarving frå SS-Strafgefangenenlager Falstad. Frå Falstadsenterets bildesamling.

Mot slutten av august (under opptakingsprøva) vart styraren arrestert igjen, og på nytt kom han til Vollan og Falstad. I staden for å vere rektor, hadde han frå slutten av oktober og til jul «stilling» som «Putzer an der Wache» på Falstad.

Saka kjentes alvorligare enn om våren, men klagemålet var det same: Styraren var tilhengar av åndsfridom og personleg fridom og såleis var han farleg både for elevar og andre.

Like før jul slapp han ut frå Falstad, men kunne ikkje reise tilbake til skolen. I brev av 24. oktober frå fylkesførar Martens heitte det nemleg bl.a. at « . . . . De . . . er avskjediget fra Deres stilling med virkning fra 11.10.42. De er videre utvist fra fylkene Nord- og Sør-Trøndelag for all framtid». Resten av krigen budde styraren på ein gard i Skoger.

Om hausten var skolestyrar Johan Næss ved realskolen konstituert som styrar også for gymnaset, men han viste seg nesten ikkje på skolen. Lærarane måtte styre skolen sjølve.

Som vi har nemnt før, vart også det ordinære styret avsett hausten 1942. Resten av krigen var det berre ein av styremedlemmene som fungerte, nemlig Chr. Bruseth, som også var ordførar i byen. Det vart altså han som saman med Næss og seinare Torolv Tveiten stod for bl.a. tilsetjingar og utdelingar av friplass og stipend.

Torolv Tveiten kom til skolen som styrar i vårsemestret 1943 og vart verande til 1945. Ingen har noko vondt å seia om han. Han var sympatisk og pliktoppfyllande, kanskje litt for pliktoppfyllande. Han kom vel ikkje særleg i kontakt med lærarane, men det seier litt om korleis dei såg på han at lektor Johnsen melde seg frivillig som vitne for å forsvare han under rettsaka og lektor Øfsti tok på seg å vere verje for barna hans.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri