tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Frå krig til fred

Forfattar: Olav Skevik

Olav Ulseth, nettopp heimkommen frå Sverige. Illustrasjon frå jubileumsheftet.

I slutten av februar 1945 måtte lektor Ulseth rømme over til Sverige. Han fekk ca. eit døgn forsprang på Gestapo og reiste over Ogndalen. Dette hadde ingenting med lærarfronten å gjere, det var ei XU-gruppe som vart opprulla. På skolen måtte no lektor Øfsti ta over det arbeidet Ulseth hadde drive for lærarfronten.

Lektor Ulseth kom ikkje tilbake til skolen meir den våren. Da krigen var slutt, kom han tilbake frå Sverige. Han hadde da som oppdrag å ta seg av såkalla «displaced persons» (sivilarbeidarar frå fleire land). Ca. 2 000 slike vart samla i Strindheim leir, og Ulseth var der om sommaren.

Rektor Kvarving var derimot tilbake nokså fort da krigen var slutt, men ikkje så fort at han møtte Tveiten. Kontoret var ledig da Kvarving kom, så det var berre å gå dit og overta arbeidet.

21. juni var det igjen Kvarving som førte protokollen for lærarrådet. Vedtaket viser kva som skjedde med eksamen våren -45. «Fastsetting av artiumskarakterar. Det har vore halde tentamen i skr. fag. På reallina hadde 3 elevar valt å gå opp til eksamen, på nyspr. line ingen . . .». Kandidatane kunne altså velje om dei skulle gå opp eller ikkje.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri