mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Skolen og nazistyret

Forfattar: Olav Skevik

Fag og timefordelinga til lærarane i skoleåret 1940/41. Frå skolens arkiv.

Her skal vi nemne berre noen få moment. Det gjelder læreplanar og undervisning, skjedde det lite nytt under krigen. Tysk fekk litt fleire timar, men lærarane la ikkje om undervisninga si, verken i tysk eller i andre fag. Dei nekta også å bruke naziinspirerte lærebøker. Lærarane kjempa mot nazifisering og lykkast i den kampen.

Som vi har vore inne på, fekk styraren og styret fungere til 1942. Da var det andre som overtok deira funksjonar.

Blant lærarane var det annleis, ingen vert avsett. Men det var heller ingen som var medlem av NS. Ein vart ståande som medlem av lærarsambandet, men sa neppe frå til styresmaktane om ting som han nok visste eller ante. Med eit unntak (lektor Ulseth) var heller ikkje lærarane særleg aktive i motstandskampen.

Blant elevane var det nok ein del som var medlemmer av NS, noe anna ville vore rart blant så mange. Vi kjenner ingen statistikk, men sannsynligvis gjaldt det færre enn ti elevar gjennom heile krigen. Desse elevane vart vel helst ignorerte av dei andre, og vart vel dermed også frosne ut av fellesskapet. I somme tilfelle var det nok større grunn til å synast synd på dei enn å vere redd dei eller irriterte.

Når situasjonen var slik under krigen, betydde det også at skolen kom lite i kontakt med oppgjøret etterpå. Noen få elevar vart utviste og ein lærar vart suspendert ei kort tid. I eit tilfelle vart ein elev innkalla til styraren som ville prøve å hjelpe han og difor byrja samtalen om lag slik: «Eg veit at familien din har vore borti NS, men har også høyrd at det gjeld ikkje deg». «Nei», sa eleven, «det stemmer ikkje. Eg var med, eg og». Eleven kom ikkje så langt at han fekk ta examen artium.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri