mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Gullalderen

Forfattar: Lars Hovland

Steinkjer off. landsgymnas. Elevar og lærarar 1955. Foto: Groven, frå skolens arkiv.

Da skolen hadde sitt 25-årsjubileum i 1957, var talet på uteksaminerte elevar framleis under 60, men frå no av kjem dette til å auke sterkt.

Denne perioden (1947 – 64) kan med ein viss rett kallast gullalderen i skolens historie. Skolen var ein utvalsskole i den forstand at ein kunne velje ut dei mest evnerike i teoretiske fag. Skolestrukturen var fast og tradisjonell. Arbeidstempoet var høgt, med skole alle seks vekedagane og utan leksefri til måndagane. Dette måtte gi gode eksamensresultat, og skolen fekk eit godt renommé. Vi hadde framleis elevar frå heile fylket og frå Nordland fylke. Prosentvis vart det såleis langt fleire hybelbuarar enn i dag. Trass i hardt arbeidspress hadde elevane likevel overskott til både lagsarbeid, amatørteaterverksemd og russerevyar. Elles var det enda ikkje så mykje som distraherte, kinobrakka på Sannan og deretter Samfunnshuset med kinosal og festsal var gode velferdstiltak. Skolen kunne leige festsalen der til både juleball og avslutningsfestar for avgangselevar med foreldre. Seinare vart det uråd å gjennomføre dette festlege innslaget da russen vart dimitterte før resultatet av skriftleg sensur låg føre. Tradisjonen med at russen hadde «dimitteringsfest» på ein av dei største gardane i distriktet, helt seg lenge, men da dei vart for mange, vart det Jegtvolden Pensjonat som vart samlingsstaden.

Den «studentmatrikkelen» som vart utarbeidd i samband med 25-årsjubileet i 1957, viser at nesten alle uteksaminerte elever frå skolen heldt fram med si utdanning, på lærarskole, universitet og høgskolar, og dei er i dag veletablerte borgarar i samfunnet. Mange sit som «nøkkelpersonar» i stat, fylke, kommunar og privat næringsverksemd, og det er ei glede for oss å konstatere at dei ikkje har gløymt sin gamle skole, men er oss til stor hjelp. At dei fleste er foreldre som har sendt sine barn (ungdomar) til skolen i tur og orden, har gjort banda enda sterkare.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri