mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Gamal skole på ny stad

Forfattar: Lars Hovland

Dei nye gymnasbygningane og idrettshallen sto klare til innflytting i 1962. Foto: © Widerøesamlingen, Steinkjer bibliotek.

Det vart berrsynt at skolen ikkje kunne ekspandere der han var plassert. Midt i 50-åra kom dei første drøftingane med Kyrkje- og undervisningsdepartementet om bygging av ny skole. Dei nye tankane om «samlegymnas», som det ikkje vart noko av, hjelpte vel likevel til med å setje fart i byggeplanane. Utan å gå i detaljar resulterte drøftingar og tingingar i at nytt gymnasbygg med idrettshall skulle plasserast på Guldbergaunet, der Steinkjer kommune gav eit større område, ca. 30 mål, til den nye skolen. Undervisningsbygget med administrasjonsfløy og idrettshall sto ferdige til innflytting hausten 1962. Nyskolen hadde 15 vanlege klasserom pluss spesialrom for fysikk, kjemi og biologi. Den gongen var det vanleg syn at ein hadde løyst plassproblemet for mange år frametter. Presset på skolen auka likevel sterkare enn tenkt, og utetter 60-åra og 70-åra vart det ein stor ekspansjon i klassar og liner. Realline og engelskline (ny-språkleg line) hadde vore tradisjonelle, men etter kvart kom nye liner til, først naturfagline frå 1969, etter at skolen hadde teke opp 3 klassar på reallina i åra 1962-68.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri