tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Nye liner

Forfattar: Lars Hovland

Paviljongen vart bygd i 1981. Foto frå skolens arkiv. Foto frå jubileumsheftet.

Frå 1970 kom første klassa på økonomisk gymnas, og frå 1972 første klassa på samfunnsfaglina, samstundes med at klassetalet på engelsklina vart utvida frå 2 til 3 frå 1971, og frå 3 til 4 i 1972. Med 9 parallellar var skolen sprengd på nytt, jamvel om 1967 var siste året med inntak av elevar i 1. kl. etter 4-årig landsgymnasordning. Dette gjorde det naudsynt med utviding av skolen. Plan vart utarbeidd av fylkesarkitekten, og utvidinga av spesialromsfløya kunne takast i bruk frå hausten 1973. Skolen hadde fått ny aula med scene, vanlegvis kalla kantina eller frukostkjellaren. Vidare hadde vi fått musikkrom, storauditorium, naturfagrom, språklaboratorium, og tre nye klasserom av vanleg type.

Skolen var blitt stor, men funksjonell. Talet på unge som søkte til skolen, auka berre utetter 70-åra, tre gonger måtte vi ta opp ekstraklasse i siste liten. I tillegg kom krav om filialklasser (1. klasser), og vi fekk slike klasser i Verran, Inderøy og Snåsa. Klassa i Snåsa har vi framleis, mens Inderøyklassa er overførd til Verdal v.g. skole, og Verran har fått sin eigen vidaregåande skole, likevel slik at elevane i allmenne fag der blir tekne inn til vidaregåande kurs hos oss. Tilstrøyminga av elevar førte til at vi måtte ut på byen for å få klasserom nok. Vi har såleis hatt klasser både i det gamle folkeskolebygget i sentrum, i Steinkjer ungdomsskole og i Thorp og Andersen v.g. skole. Først i skoleåret 1981/82 vart vi sjølvhjelpne etter at vi fekk reist eit paviljongbygg med plass for lesesal og bibliotek, grupperom og personalrom. Dette bygget kom etter ein heller krass strid, der lærarpersonalet gjekk hardt ut for å få tiltaket gjennomført.

Ved sida av den vanlege undervisninga av elevar på dagtid har skolen drive med vaksenundervisning på gymnasnivå. Det har veksla mellom 2 og 4 kurs i tradisjonelle gymnasfag, og dei fleste av elevane har gått opp til eksamen etter 1-årige eller 2-årige kurs som privatistar. Talet på privatistar oppmeldte ved skolen har gjennom den siste 20-årsbolken vore nokså høgt, og skolen har avvikla munnleg eksamen for privatistar for nesten heile Nord-Trøndelag fylke.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri