mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Fylkeskommunal skole

Forfattar: Lars Hovland

Den nye skolelova i 1974 opna for fylkeskommunale skolar. Namnet vart då endra frå Steinkjer gymnas til Steinkjer vidaregåande skole. Foto Harald Duklæt.

Lov av 12. juni 1964 om realskole og gymnas, sett i verk frå 1. august 1964, kom direkte eller indirekte til å få verknader for skolen. Den nye lova stengde ikkje for 4-årige gymnas, men det var alt klart at mykje av grunnlaget for 4-årig landsgymnas heldt på å bli borte etter kvart som einskapsskolen vart utvikla på grunnskoleplanet. 3-årige gymnas vart det normale. Siste gongen vi heldt inntaksprøve til 1. klasse av 4-årig gymnas var i 1967, som før nemnt.

Avvikling av offentlege landsgymnas kom som ein naturleg konsekvens av den nye skolelova, som opna for fylkeskommunale skolar.

Ein avtale mellom staten, Nord-Trøndelag fylke og Steinkjer kommune frå 1964 markerer denne overgangen. Heretter vart det fylket som stod som eigar av skolen og dermed var ansvarleg for drifta, rett nok med store årlege tilskott frå staten, men tilsetting av lærarpersonale låg framleis til departementet i fleire år framover. Steinkjer gymnas vart no namnet på skolen i tida fram til den nye skolelova frå 1974 gjorde det nødvendig med nytt namn att, da ordet gymnas skulle ut. Det nye namnet vart Steinkjer vidaregåande skole.

Så lenge vi hadde landsgymnas i statens regi, var heile fylket, i prinsipp og praksis, inntaksområde, og det var også tilsig av elevar frå dei tre nordlegaste fylka. Da fylket overtok drifta av skolen i 1964, vart det Steinkjer-regionen, det vil seie Steinkjer, Verran, ein del av Namdalseid, Snåsa og Inderøy som vart inntaksområde, og med berre få elevar frå andre område.

Fana til Steinkjer off. landsgymnas vart ein historisk gjenstand i 1964. Skolen vart da fylkeskommunal og fekk namnet Steinkjer gymnas.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri