torsdag, 02.12.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Ny struktur

Forfattar: Lars Hovland

Første elevkullet som tok eksamen etter ny ordning var russ i 1980. Foto: M. Knoph, frå skolens samlingar.

Lov om videregående opplæring av 21.6.1974 kom til å få store verknader for vår skole, som for alle vidaregåande skolar. Gjennomføringa av lova skulle skje frå 1.1.1976.

Overgangen frå gammalt til nytt måtte skje gradvis, idet ein måtte ta til med 1. klasse av det 3-årige kurset. Førsteklasse var felles, utan linedeling. Hausten 1977 kom vi i gang, og første elevkullet tok eksamen etter ny struktur våren 1980. Dermed var det slutt på det tradisjonelle linegymnaset. Men liner vart det likevel, idet elevane måtte velje mellom naturfagleg, samfunnsfagleg og språkleg line frå og med 2. skoleåret.

Med sin fem liner etter gammal ordning var vår skole vel budd til å gå på det nye. Den nye skoleordninga var administrativt så arbeidskrevjande at det måtte bli nye stillingar. Forutan rektor og inspektør fekk skolen inspektør II, studieinspektør og hovudlærarar. Rådgjevingsteneste for elevane vart og organisert. Alle stillingar medførte større eller mindre undervisningsplikt, og nye samarbeidsrutinar måtte utviklast, ikkje minst på grunn av skolens indre organ, lærarrådet, elevrådet, rådet for andre tilsette og utvalet for skolen.

Denne omleggingsprosessen måtte skje med styring frå overordna instansar som Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Rådet for vidaregåande opplæring og Fylkesskolestyret. I tillegg kom kontakten vår med Forsøksrådet, Statistisk sentralbyrå og Statens lånekasse til å auka mengda av administrativt arbeid.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri