onsdag, 23.06.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Lærarane

Forfattar: Lars Hovland

Filologar: Frå v. Julius Stamnes (tilsett 1932), Lars Hovland (tilsett 1946), Olav Fr. Ulseth (tilsett 1934), Robert H. Øfsti (tilsett 1937). Teikna av Olav Myhr.

Lærarpersonalet ved skolen, som hadde vori under 15 i tal i dei første25 åra, auka etter kvart som klassetalet steig. I dag (1982) har skolen 45 – 46, omrekna til heile stillingar. Ettersom ”veteranane” frå gamleskolen følgde med til Guldbergaunet og var der til nådd aldersgrense, vart det ein harmonisk overgang. Ein stab med ”faste” lærarar førte til at det vart mindre gjennomtrekk enn ved mange andre skolar. Likevel har det sjølvsagt også hos oss vori mange som har vori her kortare eller lengre tid, og som har flytta til andre delar av landet. Eit markant trekk ved utviklinga i seinare år er at tidlegare elevar har komi igjen som lærarar og har etablert seg her. Det er med på å gi skolen større stabilitet.

Utan å rekne opp altfor mange namn, bør det her nemnast at Johan Kvarving var rektor ved skolen frå starten i 1932 og fram til 1972, det vil seia i førti år. Han fekk da Kongens fortenestemedalje i gull. Av veteranane elles har Julius Stamnes, Jorleif Johnsen og Arnold Sande gått bort, likeins Knut Eik-Nes, religionslærar og mangeårig formann i forstandarskap/ styre. Det er ei glede for oss at Robert Hornemann Øfsti og Olav Ulseth framleis kjenner seg så sterkt knytte til skolen at dei kjem hit så ofte som dei kan. Det har vori og er ei lykke for skolen at lærarstaben og andre tilsette har gått inn for å dra lasset saman. Store indre konfliktar har vi unngått, men det har ikkje vori noko daudt miljø av den grunn, heller tvert imot. Namnestrid og strid om lengda på skoledagen er i friskt minne. Den generelle utviklinga i samfunnet med ”demokratisering” og medråderett har i vårt tilfelle verka positivt.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri