tirsdag, 27.07.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Elevane

Forfattar: Lars Hovland

Russekullet 1958 feirar 25-årsjubileet på Jægtvolden hotell. Foto i privat eige.

Skolen er til og har vori til for elevane. I den første 25-årsbolken var det om lag 1200 som tok examen artium. I dei siste 25 åra er dette talet tredobla, med ca. 240 som årleg topp. Heretter (1982) vil talet gå noko ned. Elevar er som andre individ ulike i føresetnad og interesser, og nokon samnemnar for korleis dei opplever sin skolesituasjon, finst ikkje. Ein har berre inntrykk å byggje på. Det har vorti ein tradisjon at 25-årsjubilantane møter kvarandre og skolen, og dei mange rosande ord kan vera farga av situasjonen. Likevel sit ein att med det inntrykket at mykje av det som vert sagt er ekte, at dei har opplevd skolen og skoletida som noko meiningsfylt.

Framleis er dei fleste av dei elevane vi uteksaminerer, interesserte i vidare utdanning, men det er ikkje lenger så enkelt å komme inn der dei ønskjer å gå. Vi kan konstatere ei aukande uro blant elevane, og denne uroa vart formidla direkte til den førre undervisningsministeren, som besøkte skolen i 1981.

Situasjonen har på fleire vis vorti ein annan enn før for elevane. Dei er så mange fleire enn før, dei kjem frå alle lag i lokalsamfunnet, har felles grunnlag i ungdomsskolen og er merkte av utviklinga i samfunnet generelt. Motivasjonen for skolegangen er ikkje heilt ut den same som før, men trass i dette må vi seie at vi ved vår skole har liten grunn til å klage. 600 – 650 elevar samla gjennom heile skoleår utan disiplinærsaker peiker ikkje mot nokon annan konklusjon. At vi med så mange må føre ein dagleg kamp for å bevare god orden på skolen, er noko anna. Det er ein del av vår oppgave å lære opp elevane til sosialt fellesskap etter akseptable normer. Skjematiserte rundspørjingar blant avgangselevane syner, som venteleg kan vera, avvikande syn på korleis dei har funni seg til rette med ”ny struktur”. Skolen prøver å ta omsyn til dette så langt vi kan. Generell misnøye med skolesituasjonen har vi ikkje konstatert. Det har vori hevda at skolen er for stor, elevane og lærarane kjem ikkje nok i kontakt med kvarandre, elevane blir framandgjorde og einsame i flokken. Dette er vel noko av den prisen vi og dei må betale for andre fordelar ved ein så stor skole.

Miljøet må seiast å vere bra, men det er noko som aldri blir bra nok. Fleire og fleire elevar bur heime og køyrer buss til og frå skolen. Lagsarbeid og annan sosial aktivitet etter skoletid er blitt nesten borte på grunn av dette. Elevlaget ved skolen greier berre å samle mange nok når det er kjente band og artistar som har konsert. Idrettslaget og det kristelege skolelaget held det gåande med variabel aktivitet, mållag og politiske ungdomsgrupper tar eit krafttak, dabbar av, blir rekonstruerte og dabbar av på nytt. Ei anna sak er at mange av elevane er med på aktivitetar i sine lokale lag i heimegrendene, særleg innan idrett og musikk, og dette er positivt.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri