mandag, 10.05.2021  
  
Startside
Steinkjer igjennom 4000 år
Introduksjon
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Yngre jernalder
År 1000-1500
År 1500-1850
År 1850-1900
År 1900-1940
År 1940-1945
Steinkjer by
Skoler
 
 
 
 
 
Naturressurser og kulturlandskap
Kulturhistoriske filmer
Linker
Om Prosjektet
 
   Forrige Neste   

Økonomien - utgifter

Forfattar: Olav Skevik

Eksempel på lønningstala for to av dei tilsette, Johan Kvarving og Jorleif Johnsen, for skoleåret 1935 - 1936. Foto frå skolens arkiv.

I lengda måtte økonomien bli usikker for ein privat skole i 30-åra. «Dei harde 30-åra» slo snart inn over skolen, og styret fekk problem med å halde skolen i gang.

Første året var dei samla utgiftene ved skolen på vel 17 000 kroner. Desse måtte auke etter kvart som elevtalet auka og det vart nødvendig med fleire lærarar. For eksempel var utgiftene i 1938/39 komne opp i om lag 65 000 kroner.

Dei tre første åra heldt inntektene seg noenlunde bra oppe, det var små overskott dei to første åra. Men frå skoleåret 1934/35 blir det underskott i rekneskapen. I 1938/39 var underskottet på noe over 5 000 kroner. Skolen hadde ved slutten av dette skoleåret arbeidd opp ei gjeld på over 26 500 kroner. Dei største gjeldspostane var husleige til kommunen og eit lån i Stod og Steinkjer Sparebank.

I 30-åra, som no, var det lærarlønnene som var dei store utgiftene. Dei voks frå knapt 15 000 kroner i 1932/33 til nesten 54 000 kroner i 1938/39.

Forord
Bakgrunn og start
Førebuinga i Nord-Trøndelag
Steinkjer private landsgymnas kjem i gang
Skolen gjennom 30-åra
Skolelokala
Nytt hus
Økonomien - utgifter
Økonomien – inntekter
Lærarar og undervisning
Arbeidsmengda
Elevane
Eleven sin kvardag
Hybelbuarane og steinkjerbyggene
Gymnasiastsamfunn og russeaktivitetar
Russetradisjonar
Russerevyar og avis
Våren 1940
Mellom dramatiske episodar (1940 – 1942)
1942 Ein urolig vår
Dramatisk situasjon
Arrestasjonar
Ingen eksamen, alle greier eksamen
Skoleåret 1942/43
Falstad
Dei siste krigsåra
Skolebygningen beslaglagt
Frå krig til fred
Skolen og nazistyret
Økonomien i krigsåra
Styret 1932-47
Kjelder
Etterkrigstid
Steinkjer offentlege landsgymnas (1947 – 64)
Gullalderen
Gamal skole på ny stad
Nye liner
Fylkeskommunal skole
Ny struktur
Lærarane
Elevane
Billedgalleri